Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Percutan coronar intervensjon (PCI) ved Hjarteintervensjon

Hjartet er ein muskel som sørger for at alle organ i kroppen får oksygenrikt blod. Hjartet får tilført oksygen gjennom kransarteriene (koronararteriene) som ligg utanpå hjartet. Angina Pectoris kjem som regel av forsnevringar eller tilstopping av kransarteriene. For å undersøke forholda i hjartet, utfører vi  koronar angiografi. Dersom det ligg til rette for utblokking (PCI) blir det som regel utført samtidig med koronar angiografi.

Før

  • Dusj kvelden før, eller same morgon som undersøkinga, om tilstanden din tillèt det
  • Du må fjerne neglelakk og sminke og ta av klokke, ringar og smykke.
  • Du skal ikkje drikke koffeinhalding drikke etter midnatt.
  • Du kan ete små porsjonar til alle måltid før undersøkinga dersom du ikkje får beskjed om noko anna.
  • Du skal ta dine faste morgonmedisinar, unntatt
    • diuretika (vanndrivande)
    • blodtynnande medisinar som Marevan®, Klexane®, Eliquis®, Xarelto®, Pradaxa®, Arixtra®.
    • Metformin®, Glucophage®, Janumet® (diabetesmedisin)
  • Du har på deg pasientskjorte under undersøkinga.
  • Du får ein venekanyle i armen og det blir kopla til intravenøs væske.
  • Dersom du har nedsett nyrefunksjon, får du ei ekstra mengde intravenøs væske, du skal og passe på å drikke litt godt kvelden før.
  • Du skal late vatnet før undersøkinga
 

Under

Du får lokalbedøvelse ved innstikkstaden (lysken eller håndleddet) før vi fører et kateter opp gjennom pulsåra og til hjartet. Kontrastvæske blir sett inn gjennom kateteret, og forsnevringer i kransarteriene blir synlige på røntgen.

Eit kateter med ballong blir ført opp til det trange området i kransåra. Her blåser vi opp ballongen og utvider området. For å halde kransarterien open legg vi inn ein forsterking, ein såkalla stent; eit metallgitter forma som ein sylinder.

stent illustrasjon

Under inngrepet kan du merke forbigåande ubehag

  • Du kan oppleve ubehag i arm ved innføring av kateteret.
  • Du kan oppleve lett varmefølelse når du får kontrastvæske.
  • Brystsmerter og tungpust
  • Du kan merke smerte når vi blåser opp ballongen for utblokking av åra
  • Du får smertestillande og avslappande medikament ved behov
  • Det er viktig at du gjev beskjed til personalet om eventuelle ubehag eller smerter.

Etter

  • Etter prosedyren blir innføringskanylen fjerna.
  • Vi måler blodtrykk og puls
  • Du kan ete og drikke etter ein time.
  • Kor lenge du må halde senga, er avhengig av om vi har gått inn i lysken eller handleddet.
  • Du blir utskriven frå sjukehuset etter 1-2 døgn.
 

Dette må du ta hensyn til etter inngrepet:

  • Følg nøye med innstikkstaden. Meld frå om du merkar teikn til bløding, hevelse eller om du får smerter.
  • Det er vanlig med blåmerker rundt innstikkstaden. Det kan vera litt ømt dei første dagane.
  • Du kan dusje som vanlig dagen etter behandlinga. Skift bandasje for å unngå forureining av innstikkstaden.
  • Du skal ikkje løfte tungt dei to første dagane uansett innstikkstad.
  • Du skal vera forsiktig med fysisk aktivitet dei første to dagane etter innstikk i lysken.
  • Kontakt fastlegen din eller legevakt om du opplever komplikasjonar eller problem etter at du er utskriven.

Vær merksam på at du skal bruke to typar blodtynnande medikament i samband med behandlinga. Beskjed om dette får du av legen.
Acetylsalisylsyre (for eksempel Albyl-E®). Denne førebyggjer blodpropp. Tabletten skal du vanlegvis fortsetje å bruke i fleire år og som regel livet ut. Denne medisinen skal du ta dagen før og om morgonen behandlingsdagen.

I tillegg får du Plavix®, Brilique® eller Efient®. Ein av desse medisinane blir brukt i fleire månader etter utført PCI med innlegging av ”stent” og må startast opp før inngrepet. Medisinen førebyggjer blodpropp.

Dei aller fleste som har fått påvist sjukdom i kransårene, må bruke blodtynnande og kolesterolsenkande medisinar. Desse reduserer faren for at det blir danna nye innsnevringar eller at det oppstår akutte hjarteinfarkt. Andre medikament kan vere beta-blokkarar, nitroglycerinpreparat og blodtrykksmedisinar. Legen vil snakke om desse dersom det skulle vere aktuelt for deg.
 

Har du fått utført PCI (utblokking), er det vanlig med full eller delvis sjukmelding. Dette vurderer vi individuelt.
 

Du kan ikkje køyre bil same dagen som hjartekateterisering/PCI. Dette er på grunn av blødingsfare og fordi du kan få medikament som kan påverke merksemda di. 
Ved andre typar førarkort enn førarkortgruppe 1, gjeld eigne reglar om midlertidig kjøreforbod. Legen orienterer deg om dette.
 

Den fysiske belastninga av samleie er liten. Du kan ta opp igjen seksuallivet så snart du føler du er klar for det.
 

Det er normalt med kjenslemessige reaksjonar i forbindelse med hjartesjukdom. Du kan oppleve angst, irritasjon eller vera generelt nedstemt. Tillat deg å vise kjensler. Frisk luft, dagslys, aktivitet og sosial kontakt hjelper ofte på humøret.
 

Det er viktig at du held deg i aktivitet på eige hand når du har kome heim.
Det er viktig å varme godt opp, og å ta det med ro i starten. Du skal ta pause dersom du får angina ved aktivitet. 

Har du fått utført PCI (utblokking) i forbindelse med hjerteinfarkt eller ustabil angina, bør du unngå hard fysisk belastning dei to første vekene. I denne perioden er det anbefalt turgåing i rolig tempo i relativt flatt terreng; du skal vera i stand til å prate mens du går. Unngå tunge aktiviteter som å måke snø, slå plen, vedhogst og liknande.
Forsking viser at det er svært gunstig for hjertet at du er fysisk aktiv. Det er mange måtar å oppnå dette på. Alt frå turar i skog og mark til hard intervall-trening på treningsstudio er nyttig.
 

Mange sjukehus i landet har tilbod om trening til pasientar som har gjennomgått hjerteinfarkt og/eller PCI (hjarterehabilitering). Du som er i denne pasientgruppa har rett til gratis trening hos fysioterapeut i seks månader. Ein oppmodar til at du deltek på hjarterehabilitering. Du får tilvising frå spesialist, spør etter dette før du vert utskriven frå sjukehuset.
 

Vidare oppfølging etter et hjerteinfarkt vil avhenge av tilbodet i ditt nærområde
Ved spørsmål om vidare oppfølging kan du ta kontakt med fastlegen din eller den hjartespesialisten du har vore til tidlegare. 

Dine levevanar har også mykje å seie for korleis din hjartesjukdom/ angina pectoris utviklar seg. Røyking skadar hjarte- og lungefunksjonen. Derfor er det svært viktig at du ikkje røyker. Dersom du røyker, men klarar å slutte no, halverer du risikoen for å døy eller få hjarteinfarkt dei neste åra. Røyking skadar åreveggen og fører til at det lettare kan oppstå nye innsnevringar i årene. Vidare aukar røyking risikoen for blodpropp, blant anna fordi blodplatene blir meir klisne og kan danne proppar i årene. Røyking er desidert den viktigaste faktoren ein sjølv kan gjere noko med. 

Kosthaldet har mykje å seie for korleis sjukdomen utviklar seg. Generelt bør du redusere inntaket av animalsk fett, raffinert sukker og salt, og auke inntaket av grønsaker og fiskeprodukt. For nærare informasjon, sjå kosthaldsråd frå Helsedirektoratet på: www.helsedirektoratet.no/ernaering/kostholdsrad/ 

Ver merksam

Moglege komplikasjonar etter PCI 


Risikoen for komplikasjonar ved utblokking (PCI) er liten. Den vanligaste komplikasjonen er bløding frå innstikkstaden. Kateteret kan komme borti flak av åreforkalking som kan løsne. I sjeldne tilfelle kan dette utløyse eit hjarteinfarkt eller eit hjerneslag. 

Den samla risikoen for alvorlige komplikasjonar er ca. 0,5 prosent.

Kontakt

Sentralblokka Hjarteintervensjon

Kontakt Hjarteintervensjon

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje i Sentralblokka:
Ekspedisjonen, hjarteavdelinga
 
  • Innleggingskontoret: For timar til hjartekateterisering eller rytmeutgreiing/behandling
  • Pasientekspedisjonen i poliklinikken: For timar til mellom anna pacemakerkontrollar og hjartekirurgiske kontrollar
  • Kveldspoliklinikken: Her blir det gjennomført mange polikliniske konsultasjonar, i tillegg til at inneliggjande pasientar blir undersøkte her. Opningstider: Måndag til fredag kl. 16.00-1930.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.