Menisk, kikholsoperasjon (artroskopi)

Kysthospitalet i Hagevik

Meniskane er to små støytdemparen som finst i kvart kneledd. Desse to bruskane ligger på kvar sin side av kneet, i sjølve leddet.

 

Innleiing

 

 Dei viktigaste funksjonane er:

  • Danne ei "grop" som lårbeinet kan bevege seg i utan at beinet "går ut av ledd" i forhold til leggbeinet.
  • Fordele vektbelastninga på leddflata slik at slitasjen blir så liten som mulig.
  • Fordele leddvæske slik at leddet kan beveges med minst mulig motstand
  • Stabilisere kneet

Menisken kan bli skada av forskjellige årsaker. Dei vanlegaste årsakene er i forbindelse med idrett. Men det kan og førekome på grunn av slitasjeprega menisk som følgje av generell slitasje i kneleddet. Dei vanlige symptoma er smerter, stivhet og hevelse. Nokon kan og få låsningar i kneet, der dei ikkje klarar å strekke ut kneet.

Tilvising og vurdering

 

Etter å ha vurdert symptoma og sjukehistoria vil ei undersøking av lege kunne gje mistanke om meniskskade. Nokon gongar må ein også ha ei MR undersøking å støtte seg til. Behandlinga er avhengig av type meniskskade. Nokon gongar er ikkje operasjon aktuelt, men dersom plagene er vedvarande vil ein ofte velje operasjon. Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.

1. Før

 

Du vil bli vurdert av ein ortoped om skaden skal opererast eller ikkje. Kirurgen vil då foreslå artroskopi av kneet. Du vil få skriftleg informasjon om møtetider, medisinar og fasting.

2. Under

 

Operasjonen går som regel føre seg i narkose. På framsida av kneet vert det laga to snitt på ca 1 cm, der kikkert og instrument vert ført inn for å reparere eller fjerne deler av menisken. I dei aller fleste tilfelle vil den delen av menisken som er skada bli fjerna, mens resten av menisken blir igjen.

Inngrepets varigheit varierer avhengig kva ein skal gjere under operasjonen. Dei fleste operasjonene der ein fjernar deler av menisken tar om lag 15-20 minutt (reseksjon), mens meir omfattande operasjonar (sutur) kan ta opp mot ein time.

3. Etter

 

Når operasjonen er ferdig blir såropninga lukka med sting eller strips og dekka med bandasje. Det er viktig å komme i gang med rørsletrening for å unngå tilstiving og forhindre blodpropp.

Du skal nytte krykker dei første dagane. Ved omfattande meniskoperasjon vil du få på ei ortose med borrelås som du får låne med deg heim. Denne er låst i nesten full strekk og du skal som regel avlaste kneet dei første vekene, dette kan variere utifrå inngrepet. Skinna skal gradvis stillast inn i auka fleksjon frå veke til veke.

Du vil få med tilvisning til fysioterapeut for opptrening av muskulatur og bevegelse. I tillegg til fysioterapirekvisjon, vil du få med deg resept på smertestillande medisinar.

Vanlegvis treng du sjukemelding for 2-3 veker ved reseksjon, og 8-12 veker ved meir omfattande inngrep, avhengig av yrke. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten føles sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant.

Du vert kalla inn til kontroll etter 2 veker.

Ver merksam

 

Vær merksam på tegn på infeksjon; dunkande/aukande smerter, rødme, hevelse eller feber.

Kontakt

Bil

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til rundkøyringa ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun).
  • Ta andre avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta første avkøyring i andre rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem).
  • Følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Praktisk informasjon

Aviser

Aviser kan kjøpast i Pasientmottak kl. 8-16 på kvardagar.

Blomster

​Dessverre er nokre pasientar allergiske. Vi ønsker derfor å begrensa mengden avskårne blomster. Potteplantar er ikkje tillatt.

Kantine

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. Det er også automatar med diverse varer ved hovudinngang.

Minibank

Det er ikkje minibank på sjukehuset, men du kan betala med bankkort.

Mobiltelefon

Mobiltelefon er tillat utanom på oppvakningsavdelinga.  Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Pasienttelefon

Det er pasienttelefon ved kvar seng med eige nummer. Telefonane er opne kl 10‐22. Det må brukast telefonkort som kan kjøpast på sengepost for kr 50,‐ eller 100,‐.

Verdisaker

Det er safe i skap på pasientromma. Sjukehuset har ikkje ansvar for eventuelt tap av verdisaker.

Visittid

​På Kysthospitalet har vi følgande visittider:

Måndag-fredag:  kl. 18.00-20.00
Laurdag-søndag: kl. 13.00-15.00 og kl. 18.00-20.00