Undersøking
Måling av beintetthet
Beintetthet blir målt med ei enkel røntgenundersøking med ein metode som er kalla DXA (dual-energy X-ray absorptiometry). Metoden gjer mindre stråling enn vanleg røntgen. Vi måler vanlegvis beintetthet i hofte og nedre del av ryggen.Før
Undersøkinga krev inga førebuing. Det er ein fordel å ta på lette og ledige klede utan metall som knappar, spilar eller glidelås i midje-/lårområdet.
Under
Før undersøkinga skal du svare på spørsmål for å avklare risiko for brot. Vi spør blant anna om tidlegare brot, sjukdom, medisinar, livsstil og arv. Vi registrerer også kva for osteoporosemedisinar du eventuelt bruker og når du starta med desse.
Under undersøkinga ligg du på ein røntgenbenk. Du ligg på ryggen med beina litt ut til sidene når vi undersøker hoftene. For å få riktig vinkel på hofteledda under målinga blir ein kasse med skrå sider plassert mellom føtene dine. Ryggen og hoftene blir skanna av ein "arm" som beveger seg over deg. Dette tek cirka 10 - 15 minutter. I nokre tilfelle tek vi også eit sidebilete av ryggen. Du ligge da på siden med øver arm kvilande på ei pute.
Etter
Ein lege granskar bileta og skriftleg rapport blir sendt til legen som tilviste deg.. Om resultatet tilseier det, kjem legen med forslag til behandling.
Viser målingane forstadiet til beinskjørheit (osteopeni) eller beinskjørheit (osteoporose) gjer ein målingane på nytt etter 2-5 år. Slik kan vi følge med på utviklinga og gi deg best mogleg behandling. Dei siste åra har det blitt meir vanleg å følgje effekten av osteoporosebehandling med ein blodprøve (P1NP) framfor beintetthetsmålingar.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Kontakt Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
Osteoporoseavdelingen, Revmatologisk avdeling. Du finner oss i Gamle hovedbygg på Haukeland universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen