Kneproteseoperasjon ved Ortopedisk avdeling, Haukeland

Ortopedisk avdeling Haukeland

Ein kneproteseoperasjon kan vere aktuelt ved slitasjegikt (artrose) i kneet, brotskadar, medfødde skadar eller andre forandringar i kneet. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese.

Les meir om Artrose (slitasjegikt)
Informasjon frå helsenorge.no

Artrose (slitasjegikt)

Artrose kan gjøre leddene stive og smertefulle. Hverdagslige gjøremål, som å reise seg fra stolen eller knytte skolissene, kan bli vanskelige. Selv om det ikke finnes noen kur for artrose, finnes det behandling som kan lette artroseplagene og gjøre det lettere å bevege seg.

Artrose, eller slitasjegikt, er en sykdom som rammer leddene. Hyppigst rammes leddene i knærne, hoftene, hendene og ryggraden. Ved artrose blir brusken i leddet gradvis slitt ned, og kan etter hvert forsvinne helt.

Risikoen for å utvikle artrose øker med alderen. Sykdommen forekommer hyppigst fra 45–50 årsalder og oppover. Andre faktorer som spiller inn kan være overvekt, tidligere skader eller at du har familiemedlemmer med artrose.

Symptomer på artrose

Symptomene på artrose kommer vanligvis gradvis, noen ganger over flere år. De vanligste symptomene er

  • smerter – smertene kan være konstante, eller starte når du bruker leddet. De kan være brennende, verkende eller skarpe.
  • stivhet – ofte verst om morgenen
  • bevegelsesvansker – vanskelig å gå i trapper eller nå øverste hylle
  • hovne og fortykkede ledd
  • en knirkende følelse i leddene når du beveger dem
  • muskelsvakhet omkring leddet som er angrepet

For at legen skal kunne stille diagnosen, er det viktig at du beskriver smerten, hvor den er lokalisert, om det er bevegelser eller andre forhold som lindrer eller forsterker smerten. Legen vil også bestille undersøkelser, som røntgen og blodprøver, for å finne ut om plagene dine skyldes artrose.

Les meir om Artrose (slitasjegikt) (helsenorge.no)

Innleiing

Kneprotesar finst som halvprotesar (uniprotese) og heilprotesar (totalprotese). Ved heilprotesar blir leddflatene på enden av lårbeinet (femur) og leggbeinet (tibia) bytt ut, nokon gongar også kneskjellet. Ved halvprotesar er det oftast berre innsida (medialt) som blir erstatta av ein protese.

Ortopeden tar stilling til kva type protese som eignar seg best for deg.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Før operasjonen skal du gjennom nokre førebuingar for å redusere risikoen for komplikasjonar.

Vaske kroppen med Hibiscrub

Du skal vaske deg med Hibiscrub på operasjonsdagen. Hibiscrub er bakteriedrepande og reduserer risikoen for infeksjon.  Du treng ikkje vaske håret med Hibiscrub, men ver nøye med kroppsvask. Etter dusjing skal du ikkje bruke parfyme, kremar, sminke, smykke, piercingar eller neglelakk, og du skal ha på deg reine klede. Dersom du skal møte på sjukehuset på operasjonsdagen, skal du ta vasken med Hibiscrub heime.

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie ikkje ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops. Du må berre ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt er sikre å bruke.

Under

Ved kneoperasjonar set vi i dei aller fleste tilfelle bedøvinga i ryggen. Dette er ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel ein narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.

En anestesisjukepleiar sit ved sida av deg under heile operasjonen. Han eller ho er din kontaktperson og passar på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte.  Derimot vil du merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og boring.

Dersom du ønsker det, kan du høyre på musikk under operasjonen. Du har anledning til å ta med dette sjølv eller låne hos oss.

Operasjonstid for kneprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på cirka 90 minutt.

Etter

Start opptreninga

Begynn med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og få att funksjonen, er å kome seg opp på beina så hurtig som mogleg. Du vil tidleg bli hjelpt opp av senga for å stå og bevege deg litt.

Den viktigaste opptreninga etter proteseoperasjon er å kome i gong med dagleglivets aktivitetar. Eigentrening i form av bevegelse, styrke, balanse og koordinasjon er viktig for resultatet av operasjonen. Du skal følge eigentreningsprogrammet du får av fysioterapeut på sjukehuset.

Smerter

Den første tida oppstår det naturleg nok ein del smerter rundt det opererte kneet. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal du ta med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lenger tid å få redusert smertene igjen når slike periodar oppstår. Har du mykje smerter til trass for at du tar dei medisinane du er bedt om, er det viktig at du seier i frå til personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg.


Kontroll - Ortopedisk avdeling, Haukeland

Etter utskriving skal du oppsøke fastlegen for å fjerne sting omtrent 2-3 veker etter operasjonen. Du får tilbod om kontroll hos våre fysioterapeutar 6 veker etter operasjonen. I tillegg må du sjølv ordne med fysioterapi hos eigen fysioterapeut slik at du kjem i gong med øvingar i løpet av nokre dagar etter du er skriven ut. 

Du blir sett opp på kontroll hos den som opererte 1 år etter operasjonen. Då tar vi røntgen av det opererte kneet. Vidare kontrollar vil variere med protesetype og alder på pasienten.

Kontroll - Kysthospitalet i Hagevik

Etter utskriving skal du oppsøke fastlegen for å fjerne sting omtrent 2 veker etter operasjonen. Du får tilbod om kontroll hos våre fysioterapeutar 3 veker etter operasjonen. I tillegg må du sjølv ordne med fysioterapi hos eigen fysioterapeut slik at du kjem i gong med øvingar i løpet av nokre dagar etter du er skriven ut. 

Du blir sett opp på kontroll hos den som opererte om lag tre månader etter operasjonen. Viss alt er bra då, treng du ikkje vidare oppfølging frå sjukehuset. Ved eventuelle problem bør du i så fall ta kontakt med fastlegen. I nokre spesielle tilfelle vel vi også å følge pasienten med kontrollar noko lenger.

 
 

Etter 10 år sit fortsatt om lag 80 prosent av halvprotesane på plass, mens om lag 20 prosent av pasientane er reoperert (revidert). Ved heilprotese er det 90 prosent sjanse for at protesen varar i 20 år. Symptom på laus protese kan vere smerter og hevelse over tid. I slike tilfelle bør du tilvisast tilbake til sjukehuset av fastlegen for ny vurdering.

Ver merksam

Etter utskriving skal du vere spesielt oppmerksam dersom såret siv. Eit operasjonssår er normalt sett heilt tørt etter fire til sju dagar. I motsatt fall er det viktig at du tar kontakt med avdelinga.

Betydeleg og unormal hevelse i kneet, eller feber av ukjent årsak er også noko ein skal vere merksam på dei første dagane eller vekene etter utskriving. Om det oppstår, bør du ta kontakt med fastlegen eller legevakt.

Kontaktinformasjon

Ortopedisk avdeling, Haukeland
Telefon
Ekspedisjon 55 97 56 70 | Poliklinikken 55 97 28 37 | Sengepostane: Vest - Traumatologi 55 97 37 57 | Aust - Rygg og sarcom 55 97 37 60 | Syd - Protese og hoftebrot 55 97 37 50 | Ortopedisk infeksjonspost 55 97 55 20 | Ganglaboratoriet 55 97 70 70
E-post
Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22(Kart)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?