Start opptreninga
Begynn med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og få att funksjonen, er å kome seg opp på beina så hurtig som mogleg. Du vil tidleg bli hjelpt opp av senga for å stå og bevege deg litt.
Den viktigaste opptreninga etter proteseoperasjon er å kome i gong med dagleglivets aktivitetar. Eigentrening i form av bevegelse, styrke, balanse og koordinasjon er viktig for resultatet av operasjonen. Du skal følge eigentreningsprogrammet du får av fysioterapeut på sjukehuset.
Du har rett på fysikalsk behandling i inntil 6 månader etter operasjonen. Etter at du kjem heim skal du starte med trening veileda av fysioterapeut. Du må trene med fysioterapeut 2-3 ganger per veke i fleire månader etter operasjonen. Vi anbefalar at du tar kontakt med fysioterapeut og avtaler timer i god tid før operasjonen.
Smerter
Den første tida oppstår det naturleg nok ein del smerter rundt det opererte kneet. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal du ta med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lenger tid å få redusert smertene igjen når slike periodar oppstår. Har du mykje smerter til trass for at du tar dei medisinane du er bedt om, er det viktig at du seier i frå til personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg.
Kontroll - Ortopedisk avdeling, Haukeland
Etter utskriving skal du oppsøke fastlegen for å fjerne sting omtrent 2-3 veker etter operasjonen. Du får tilbod om kontroll hos våre fysioterapeutar 6 veker etter operasjonen. I tillegg må du sjølv ordne med fysioterapi hos eigen fysioterapeut slik at du kjem i gong med øvingar i løpet av nokre dagar etter du er skriven ut.
Du blir sett opp på kontroll hos den som opererte 1 år etter operasjonen. Då tar vi røntgen av det opererte kneet. Vidare kontrollar vil variere med protesetype og alder på pasienten.
Kontroll - Kysthospitalet i Hagevik
Etter utskriving skal du oppsøke fastlegen for å fjerne sting omtrent 2 veker etter operasjonen. Du får tilbod om kontroll hos våre fysioterapeutar 3 veker etter operasjonen. I tillegg må du sjølv ordne med fysioterapi hos eigen fysioterapeut slik at du kjem i gong med øvingar i løpet av nokre dagar etter du er skriven ut.
Du blir sett opp på kontroll hos den som opererte om lag tre månader etter operasjonen. Viss alt er bra då, treng du ikkje vidare oppfølging frå sjukehuset. Ved eventuelle problem bør du i så fall ta kontakt med fastlegen. I nokre spesielle tilfelle vel vi også å følge pasienten med kontrollar noko lenger.
Etter 10 år sit fortsatt om lag 80 prosent av halvprotesane på plass, mens om lag 20 prosent av pasientane er reoperert (revidert). Ved heilprotese er det 90 prosent sjanse for at protesen varar i 20 år. Symptom på laus protese kan vere smerter og hevelse over tid. I slike tilfelle bør du tilvisast tilbake til sjukehuset av fastlegen for ny vurdering.