Jobbfast - behandling ved psykososiale belastninger i arbeidslivet

Behandlingsprogram, Arbeidsmedisinsk poliklinikk

Jobbfast, poliklinikk for psykososiale belastningar i arbeidslivet, er eit tilbod til menneske med redusert helse som følgje av konfliktar, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.

Innleiing

Ved Jobbfast er det lagt opp til ein terapeutisk innfallsvinkel der me legg vekt på di oppleving av det du har opplevd.

Tilbodet er for yrkesaktive. Erfaringa syner at nokon er i arbeid, nokon er sjukemelde og nokon er på arbeidsavklaring. Ein del av målsettinga er å drøfte vidare fungering i arbeid og ivaretaking av eigen helse.

Les meir om Jobbfast - poliklinikk for psykososiale belastingar i arbeidslivet

Tilvising og vurdering

Ein treng tilvising frå lege eller anna helsepersonell. Tilvisinga blir vurdert etter kven tilbodet er eigna for og kven vi ikkje kan ta imot, og etter prioritering av alvorlegheit- og hastegrad. 

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilvisinga bør innehelde ei beskriving av det aktuelle problemet, vurdering av aktuell psykisk helsetilstand og om tilbodet er eigna for pasienten. Vi ønskjer og opplysningar om medikamentbruk, generell helsetilstand og sosiale forhold. Tilbodet ved Jobbfast kjem inn under pasient- og brukerrettigheitslova når det gjeld juridisk bindande tidsfrist for oppstart for dei tilbodet gjeld.

Kriterium i tilvisinga

  • Pasientar med redusert helse som følgje av konfliktar, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.
  • Tilvisaren må forplikte seg til ein oppfølgingssamtale per telefon der pasienten er hos tilvisaren etter utgreiinga på sjukehuset.
  • Det er ikkje eit krav at pasienten skal vere sjukemeld.
  • Uavhengig desse kriteria bør bedriftslege vurdere bedriftsinterne tiltak.

1. Utgreiing

Ved Jobbfast er det lagt opp til ein terapeutisk innfallsvinkel der me legg vekt på di oppleving av det du har opplevd. Du får anledning til å fortelje di historie frå ditt perspektiv og setje ord på dine erfaringar. Ein inntar ikkje ei meir sakkundig rolle der  ein tek stilling til kva som faktisk har skjedd, undersøkjer den andre parten sin ståstad eller tek stilling til om det tildømes førekjem lovbrot.

2. Behandling

Når du kjem til oss, får du ein nøkkel til eit eige kontor. Her kan du kvile deg og lage ein kopp kaffi eller te om ønskeleg.

Tilbodet ved Jobbfast er tidsmessig organisert i fire delar.

Del 1 - samtale og undersøking

En dag med ein individuell vurderingssamtale og undersøking der du møter representantar frå Jobbfast (lege/psykolog) og for nokon, ei undersøking hos fysioterapeuten. I løpet av samtalen vurderer me saman om du deltar i gruppa.

To stoler i samtalerom. Foto

Førebuing til del 1

1-2 veker før du kjem til første samtale ber vi deg skrive ei oppsummering av det du vektlegger er hovudtrekka i historia og dine erfaringar, med utgangspunkt i nokre punkt. Du tar med dokumentet når du kjem til første samtale, og dokumentet blir skanna til din journal.

  • Beskriv kort di stilling og arbeidsoppgåver, samt di rolle i organisasjonen og kor lenge arbeidsforholdet har vart.
  • Beskriv hovudtrekka av kva du opplever som problema, gjerne kven dei er relaterte til og når dette begynte.
  • Beskriv om det har vore gjort forsøk på å løyse problemea frå arbeidsgiver si side eller di side, for eksempel møter, om andre instanser har vore involverte (for eksempel tillitsvalde, bedriftshelseteneste, Nav, lege).
  • Sei noko om kva du opplever som mest vanskeleg og kva som har ramma deg hardast.
  • Sei noko om korleis problema har prega deg både personleg og yrkesmessig, individuelt og i forhold til dine nærmaste.
  • Sei noko om kva som har vore til hjelp, di handsaming av situasjonen og dine ressursar.
  • Sei noko om kva du ønsker hjelp med hos Jobbfast.

Vi ber deg skrive inntil 4 A4 sider, helst ikkje meir. Vi anbefaler å ikkje bruke navn på tredjepersonar, men heller tittel som til dømes leiar, kollega «N» eller liknande. Skriv med eigne ord i den forma du vil. IKKJE legg vekt på grammatikk eller at du skal prestere eit godt dokument, målet er å dele di historie.

Samtale og undersøking

Føremålet med denne dagen er samansett; du gir ei innføring i di historie og dine erfaringar som er knytta til vanskar på arbeid og kva du ønsker hjelp med. Vi vil også saman med deg få eit inntrykk av ditt funksjonsnivå og di aktuelle psykiske helse. Du får informasjon om det vidare gruppebaserte programmet, og om dette er ønskeleg/eigna for deg. Som nemnd tidlegare vil nokon gjennomføre undersøkinga hos fysioterapeuten denne dagen og få tilbakemelding på den. I etterkant blir det sendt eit samlenotat til deg og din tilvisar. Du vil også bli invitert til å delta i forskinga ved Jobbfast.   

Del 2 - Gruppesamlingar

Gruppesamlingar vil føregå nokon veker etter den individuelle vurderingssamtalen, og varer 3 dagar, derav 2 heile dagar med samling i gruppe og siste dag ein individuell avsluttande samtale (45 min), og eventuelt undersøking hos fysioterapeuten.

De samlast i ei fast gruppe på 8-9 personar over eit tidsrom på to heile dagar. Gruppa vil vere sett saman av menneske som har liknande erfaringar med psykososiale vanskar i arbeidslivet, som konfliktar, mobbing/trakassering eller varsling. I gruppene vil det vere variert alder og kjønn. Samlingane blir basert på informasjon og undervisning om relevante tema i tilknytting til psykososiale vanskar i arbeidslivet og dialog mellom deltakarane. Representantar frå teamet ved Jobbfast (leger/psykolog/fysioterapeut) er tilstade og bidrar med undervisning, informasjon og leiar og bidrar i samtalane.

Grupperom. Foto

Ved Jobbfast har vi tru på at det å møte andre med tilsvarande erfaringar, kan bidra til positive og viktige erfaringar. Når fleire menneske er saman om eit felles prosjekt, og samhandlinga er open, kan det å samlast i gruppe bidra til effektive døropnare til både kunnskap og innsikt, i kombinasjon med verdifull mellommenneskeleg erfaring. Det å samlast i gruppe kan vere nyttig på fleire måtar. Grupper kan bidra til å føle seg mindre åleine med sine erfaringar, og ei oppleving av samhørigheit med andre der ein kjenner seg forstått og akseptert. Det å treffe andre kan bidra til at ein kan både kan få råd og informasjon, og sjølv bidra med noko til andre. Det kan og bidra med håp på ulike måtar.

Når ein samlast i gruppe er det avgjerande å kjenne seg trygg og ivaretatt og at ein kan kjenne seg trygg på dei andre deltakarane. Alle deltakarane må vere einige i gitte retningslinjer for gruppa og signerer før deltaking på dette, samt teieplikt som gjeld det som blir delt av deltakarane. Dei som leiar samlingane har vanleg teieplikt som gjeld for alt helsepersonell. Grupper er basert på respekt for kvarandre og ei trygg atmosfære som gjev moglegheit til open dialog og refleksjon. Deltakarane blir oppmuntra til å dele noko av si historie, både for å skape samhald og gjenkjennelegheit. Nokon kan på førehand frykte å bli tvinga til å blottstille seg for dei andre medlemmane, vi vil understreke at det er opp til deg kva du vil dele med dei andre. Nokon kan vere skeptiske til å delta i grupper. Samla erfaring frå arbeid med grupper viser at dei aller fleste opplever det som svært positivt og at dei ikkje ønsker å slutte i gruppa.

Evalueringane av dei første gruppesamlingane ved Jobbfast viser at deltakerarane evaluerer det svært nyttig, både det å treffe andre med tilsvarande erfaringar, og faglege innspel frå behandlarane ved Jobbfast. Me vurderer saman om deltaking i ei gruppe er ønska og nyttig.

Følgande tilstandar og forhold eigner seg ikkje for deltaking i gruppe ved Jobbfast:

  • Alvorlege rusproblem
  • Alvorleg psykisk liding som inneber psykotiske tilstandar eller svært paranoide vrangforestillingar
  • Djup depresjon
  • Alvorleg suicidalitet eller sjølvskading
  • Utagerande atferd eller lav impulskontroll som medfører fare for seg sjølv eller andre
  • Svak kognitiv fungering
  • Lav toleranse for beskjedne ytre stimuli
  • Antisosiale personlegdomsforstyrringar
  • Dersom ein er ueinig i rammane og reglane for gruppa eller tilbodet ved Jobbfast

Individuell samtale

Siste dag av tredagarssamlinga består av ein individuell avsluttande samtale (45 min) mellom deg og ein frå teamet ved Jobbfast (psykolog/lege). Tema for den avsluttande samtalen er ei oppsummering av kva som blir viktig for deg framover både for helse og yrke. Oppsummeringa blir sendt til deg og tilvisar.

Fysioterapiundersøkinga

Dei som ikkje har gjennomført vurdering hos psykomotorisk fysioterapeut i Del 1 får dette i løpet av dei tre dagane i Del 2. Undersøkinga heiter «Global fysioterapi metode 52» og er ei standardisert klinisk skjelett- og muskelundersøking av kroppshaldning, respirasjon, bevegelsar og palpasjon av muskulatur og hud. Tidlegare pasientar har satt svært stor pris på denne undersøkinga som ikkje er undersøking for kondisjon og styrke, men ser nærmare på samspelet mellom kropp og psyke, og fokuserar på dine kroppslege ressursar. Ha med deg ei t-skjorte/tights/shorts til dagane ved Jobbfast.

Del 3 - Tilbakemeldingssamtale

4 veker etter gruppesamlinga har me ein individuell tilbakemeldingssamtale (45 min) på telefon med tilvisande instans, der du er tilstade hos tilvisande instans.

Del 4 - Oppfølging med spørreskjema

Dette vil du bli informert om når du kjem hit.

Anna nyttig informasjon

Teieplikt

Dei som kjem til oss har mykje å fortelle. Vi som jobbar her har teieplikt. Den som tilviste deg får eit brev frå oss, der det står om helsa di og råd om behandling dersom det er aktuelt. Det vil stå litt om det som har skjedd med deg fordi det er viktig at dette er dokumentert, og fordi det er det som er årsaken til at du kom til oss. Du får og dette brevet.

Sakar om Jobbfast i media

NRK TV: MotvindNRK Hordaland: Her utredes utslitte varslere og folk som mobbes på jobbNRK Hordaland: Fant muskelplager hos mobbeofreBergens Tidende (Krever abonnement): Gir helsehjelp til varslereBergens Tidende: Syk av varslingKataris: Når jobbidentiteten rakner


3. Oppfølging

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Telefon 55 97 82 45

Arbeidsmedisinsk poliklinikk
Telefon
Telefon 55 97 38 75 | Faks 55 97 51 37
måndag - fredag 08.00-15.30

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

Informasjon om flybussen i jula 2017

​Flybussen mellom Flesland og Haukeland universitetssjukehus går som normalt (sjå tekst under) til og med 22. desember, men er innstilt i jul og romjul. Oppstart etter nyttår blir 2. januar 2018.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.