Trykkammerbehandling, akutt / Hyperbarmedisin, seksjon for

Hyperbar okysenbehandling, andre akutte tilstander

Ved hyperbar oksygenbehandling blir pasientar med ulike sjukdomstilstandar behandla med 100 prosent oksygen under auka omgjevnadstrykk i eit trykkammer. Akutt behandlinga i trykkammer kan vere aktuelt ved ei rekke sjukdomstilfelle. 

Innleiing

Akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) kan mellom anna vere aktuelt ved karbonmonoksid-forgifting, nekrotiserande mjukvevsinfeksjon, store knusingsskadar, brannskadar og elektriske skadar, transplantater/lapper med sviktande sirkulasjon, ekstremt blodtap, intrakranielle abscessar, arteriell gassemboli, akutt idiopatisk nevrogent høyretap og akutt okklusjon av arteria retinalis sentralis. 

Før

Ved førespurnad om HBO-behandling av intensivpasient frå anna sjukehus, må dykkarlege konferere med vakthavande intensivlege for vurdering av kapasitet på Intensivavsnittet. Det må gjerast avtale om at pasienten vert motteken ved ei moderavdeling på HUS.

Viss det er tid, vil det vere ein fordel å få tatt eit lungerøntgenbilde, samt å vurdere pasientens evne til å utjamne trykket til mellomøyr.

Indikasjon må vurderast i samråd med behandlande lege og ein må og vurdere om det føreligg kontraindikasjonar. Pneumothorax må drenerast. Pacemaker, baklofenpumpe, ventrikuloperitoneal shunt etc. må ein klarere med produsent.


Under

Indikasjonar for akutt HBO-behandling for andre tilstander enn dykkarsjuke

Gassgangren

Raskt spreiande infeksjon med Clostridium Perfringens med sepsis, lokalt ødem, massiv vevsnekrose og gass i vevet. HBO behandling med tre atmosfærar trykk bidreg til å stoppe  bakteriane si alfatoksinproduksjon.

Diagnostiserast med klinikk og påvising av grampositive stavar i preparat med fråvær av leukocyttar (leukocyttar indikerer blandingsinfeksjon). Bronseliknande hud, ødem og hemorrhagiske bullæ/vesiklar. Eksudat med søtleg lukt. Muskulatur fargast grøn/svart. Krepitasjonar i vevnaden førekjem, og gass kan sjåast på røntgen.

Behandling
Målretta antibiotikabehandling ordinert av infeksjonsmedisinar.

Kirurgisk opning og fasciotomi utan ekstensiv kirurgi før HBO. Dersom det vert ventetid på operasjon bør ein starte HBO så snart som mogleg. Tabell 20/90. 3 behandlingar første 24 timar. Deretter x 2/dag inntil infeksjonskontroll.

Karbonmonoksid (CO)- forgifting

Det er ikkje internasjonal semje om ein ved å behandle CO-forgiftingar med HBO for å eliminere CO raskare frå blodbanen, kan redusere kognitive sekveler, eller om HBO kan forverre slike. Av den grunn er det berre pasientar med svært alvorlig CO-forgifting som får tilleggsbehandling med HBO.
 

  • dersom HBO ikkje kan startast innan 6 timr etter CO-intoksikasjonen, behandlast pasienten med normobar oksygenbehandling.
  • hos ustabile pasientar må nytten av HBO vegast mot faren ved transport og kammerbehandling.
  • pasientar som har hatt hjertestans behandlast berre med normobar oksygenbehandling i 12-24 timer og eventuelt kjøling ifølge sjukehuset sine rutinar.


Behandling:

  • Initial behandling ved CO-forgifting er normobar oksygenbehandling.
  • pasientar som er gravide eller er bevisstlause skal behandlast med ei behandling HBO tabell 20/90.
  • ved røykinhalasjon og lactat>10mmol/l må cyanidforgiftning mistenkast og cyanokit administrerast
  • etter HBO skal pas henvisast til nevrologisk avdeling for EEG og nevropsykologisk undersøking.

Nekrotiserande mjukvevsinfeksjon

Infeksjonen gir lokal hypoksi, oftast forsterka av ein infeksjonsbetinga okkluderande endarteritt. Sekvestrering av leukocytter med lavt tal på leukocytter sentralt i infeksjonsområdet sjåast ved nekrotiserande infeksjonar.
 
HBO virker ved å betre leukocyttfunksjon i hypoksisk vev og nedset granulocyttadhesjonen til endotel. I tillegg reduserast anaerob bakterievekst. Ved pressorindusert nedsett perifer perfusjon vil HBO teoretisk sett kunne bidra til å redusere mengda ischemiske nekrosar. HBO er adjuvant behandling til iv. antibiotika og kirurgisk revisjon.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 x2/døgn til stabil tilstand, deretter x1/dag etter vurdering av klinisk tilstand i samråd med intensivmedisinar og infeksjonsmedisinar.

Store knusingsskadar

Ved knusingsskadar i ekstremitetane kor det kan vere marginalt sirkulert vev og evt. losjesyndrom med ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO bidra til å redusere ødemet, hindre adhesjon av leukocytter til karveggen og betre oksygeneringa av vevet for reduksjon av vevsdød. Start av HBO bør skje innan 6 timer etter skaden.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 3 gongar/døgn fyrste døgn, deretter
2 gongar/døgn i 2 dagar, deretter 1 gong dagleg ved behov.

Brannskader og elektriske skader

Ei brannskade resulterer i lokal mikrosirkulasjon prega av stase, mikrotromber med ødem og etter kvart oksygenmangel. Hyperbar oksygenbehandling er retta mot å redusere ødemet, bevare marginalt oksygenert men viabelt vev, stimulere og bevare vevets bakterielle motstandskraft og stimulere til rask sårheling. HBO er adjuvant behandling i tillegg til optimal ventilasjon og oksygenering, væskebehandling, og tidlig kirurgisk eksisjon.
 
Indikasjon: Større delhudsskader hos vaksne (> 15 år) med TBSA > 20%, samt ved elektriske skader (alle storleiker). Pasienten må vere transportabel.
 
Behandling: HBO tabell 14/90. Tre behandlingar i løpet av fyrste døgn med oppstart raskast mogeleg etter at skaden har oppstått, deretter 2 behandlingar i døgnet. Det bør gis minst fem behandlingar for at pasienten skal ha nokon effekt, men ofte opptil 20-30.
 
Pasientane vil ofte trenge mindre væske under sjølve behandlinga p.g.a. hyperoksisk vasokonstriksjon, men treng ofte meir væske iv like etterpå pga. vasodilatasjon. Evt blodtrykksfall behandlast primært med væske og ikkje pressor.

Transplantat/lappar med sviktande sirkulasjon

Transplantat og hudlappar med sviktande sirkulasjon: ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev, kan pasienten søkast til pre- og postoperativ HBO-serie. Formålet er å fremme neoangiogenese i det stråleskada vevet og å avhjelpe innheling av lapp/transplantat.
 
I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO vere nyttig for å bevare transplantatet eller redusere nekrose. HBO bør startes så snart eit perfusjonsproblem oppstår.
 
Utgreiinga skal inkludere måling av transkutan oksygentensjon på hudlappen under luftpusting og oksygenpusting før hyperbar oksygenbehandling. (eventuelt under behandlinga, spesielt dersom det er tvil om HBO er aktuelt).
 
Behandling ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev får pasienten 20-30 preoperative behandlingar HBO tabell 14/90, ein venter deretter 6-8 ukar med elektiv kirurgi og starter postoperativ HBO-serie så raskt som mogeleg etter kirurgi. Postoperativ serie er på 10 behandlingar tabell 14/90.
 
I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade startar ein så raskt som råd med tabell 14/90 til å begynne med to gongar daglig. Når hudlappen ikkje lenger er trua, éin gong daglig i samråd med kirurg.

Ekstremt blodtap

Ved ekstremt blodtap og problem med å få forlika blod kan pasienten oksygenerast med HBO.
 
Indikasjon er korreksjon av oksygendeficit hos ikkje-transfunderbar pasient med organsvikt, cardial iskemi og acidose. Behandling kun ei kort periode medan ein finn forlikeleg blod. Dersom pasienten ikkje skal transfunderast, er HBO ikkje indisert.
 
Behandling: er HBO på 2-3 ATA 60 minuttar med overflateintervall aukande frå 60 minuttar.

Intrakranielle abscessar

Hos pasientar med multiple abscessar, abscess med dominerande eller djup lokalisasjon, hos immunkompromitterte pasientar eller forverring tross behandling med kirurgi og antibiotika kan HBO vere nyttig adjuvant terapi.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 er anbefalt med 1-2 behandlingar dagleg avhengig av situasjonen, i publiserte material har i snitt 13 behandlingar vore gjeve.

Arteriell gassemboli

Ved alvorlig gassemboli kan trykkammerbehandling vere livreddande. Det viktigaste er å mistenke tilstanden. Følg algoritmen i punktet om behandling.
 
Mekanisme
Gassemboli oppstår når luft eller annan gass kjem over i sirkulasjonen, venøst eller arterielt. Små mengder venøs gass er sjeldan symptomgivande, då den normalt filtrerast ut via lungene. Dersom gassmengda blir stor nok, eller kjem svært raskt, vil gass kunne passere over i den arterielle sirkulasjonen via lungekapillæra. I tillegg shuntast stadig ca. 2-3 % av totalsirkulasjonen utanom lungekapillæra. Arteriell gassemboli kan difor oppstå uavhengig av eit patent foramen ovale. 
 
Risikofaktorar
• Biopsi av lunge/lever
• Hjerte-lunge-maskin / ECMO
• All kirurgi, spesielt der operasjonsfeltet ligg over hjertenivået.
• Sectio pga. store mengder potensielt åpentståande vener i uterus.
• Skopiar
• Ortopediske proteseinngrep
• Cardiopulmonal resuscitering
• Åpentståande svk-løp/innlegging av svk
• Skyljing av arteriekran
• Infusjon via iv-sett
• Angiografiar proksimalt for arteria vertebralis sinistra
• Intraarteriell nimotopinfusjon ved cerebrale spasmar
• Dykking
 
Diagnose
• Risikofaktor til stade
• Plutseleg fall i endetidal CO2
• Plutseleg nedsett medvit
• Peroperativ hjertestans med pulslaus elektrisk aktivitet
• Fokalnevrologiske utfall
 
Bildediagnostikk med påvising av intravaskulær gass er ikkje påkravd dersom mistanken om arteriell gassemboli er sterk, og skal ikkje seinke oppstart av behandling.
CT caput utførast dersom hjernebløding er aktuell differensialdiagnose.
 

Behandling
1. 100 % oksygen på maske med reservoar
2. Reduser lufttrykket ved skopi
3. Avslutt kirurgi
4. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK
5. Om lungebiopsi har medført pneumothorax, skal denne drenerast
6. Paracentese utførast berre dersom dette ikkje vil forseinke behandlinga.
7. Ved hjertestans, skal HLR utførast til pasienten er trykksatt i trykkammeret
8. Trykkammerbehandling : HBO tabell 6
9. Repeterte behandlingar x1/dag med HBO tabell 14/90 inntil ein når platåfase (stasjonære symptom). For respiratorpasientar gis to repeterte behandlingar.
 
 
Det er større sannsyn for godt resultat om det er kort tid mellom embolien og HBO, men det har vore sett respons av HBO som er starta etter 24 timer.
 
Enkelte pasientar får ei betring av symptoma etter normobar oksygenering. Då tilbakefall ofte inntreff når reperfusjonsskaden utviklar seg, skal desse pasientane også behandlast.
 
Oppdrift har liten eller ingen effekt på arteriell eller venøs distribusjon av intravaskulær luft. Det å senke hovudet vil auke ødemet. Det er usikkert om dettehar nokon positiv effekt og skal uansett ikkje gjerast i meir enn ti minutt.
 
Symptomfrie pasientar med påvist luft i hjartet:
ved asymptomatisk luftemboli etter lungepunksjon skal pasienten observerast på intensiv / oppvakingsavsnittet. Kontinuerleg oksygen på maske med reservoar 10 l / min. Sideleie med høgre side ned. Flatt leie. Ikkje hev overkroppen. Observasjonstid avheng av luftmengde. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK. Nevrologisk undersøking før transport tilbake til avdeling. Brystsmerter eller EKG endringar kan skyldast embolisering til kransårene.

Akutt idiopatisk nevrogent høyretap

Akutt idiopatisk nevrogent høyretap inneber eit høyretap på minst 30 db i tre samanhengande frekvensar og som oppstår i løpet av tre dagar. Det vanlegaste er plutseleg unilateralt høyretap, tinnitus og vertigo. Høyretapet kan og vere bilateralt og utan tinnitus/vertigo. Etiologien er ukjent. Pasientane behandlast av ØNH-spesialist, dei får steroider peroralt og evt intratympanisk.
 
HBO kan nyttast som adjuvant behandling ved alvorleg høyretap (pta > 60 db) i tillegg til behandling med steroider. Oppstart av behandling bør helst skje innan 72 timer etter symptomdebut. Grense for start av HBO er éi uke etter symptomdebut.
 
Audiometri skal gjerast ved diagnose, ved end HBO-behandling og etter 3 månader.
 
Dersom det er manglande betring etter behandling med HBO, kan ein vurdere  intratympanisk steroid, spesielt dersom maks taleforståing er under 50 % eller pta < 50db.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 daglig, 10-15 fortløpande behandlingar

Akutt okklusjon av arteria retinalis sentralis

Okklusjon av art retinalis sentralis er ein sjeldan  tilstand som medfører akutt synstap utan smerte. Risiko er auka ved kjempecellearteritt, aterosklerose og tromboembolisk sjukdom
 
Pasienten blir behandla av Oftalmolog og normobar oksygenbehandling bør startast  straks. Det er indikasjon for adjuvant behandling med HBO dersom HBO kan startast innan 24 timer etter symptomstart. Tidlegare behandlingsstart er ein fordel.
 
Behandling: HBO tabell 20/90. Ved betring under første behandling, gir ein  tabell 20/90 x2/døgn til platåfase.





Akuttbehandling med HBO av andre indikasjonar


Vakne pasientar behandles sitjande i fleirmannstrykkammer med premediaksjon, eller liggjande i einmannstrykkammer, avhengig av kva tid på døgeret behandlingen går føre seg og kva for personell om er tilgjengeleg. Behandlinga varer kun to timar. Pasienten puster oksygen i tre halvtimar på 14-20 msw med fem min luftpusting mellom oksygenperiodane. Luftpustinga for å redusere oksygenbiverknader.

Pasienten kan sjå film under behandlinga. Dei som behandles i fleirmannstrykkammer, hvor brannfaren ikkje er like stor som i einmannstrykkammer, kan ha med lesestoff inn i kammeret. 

Intensivpasientar på respirator behandles i fleirmannstrykkammer med respirator og medisinsk-teknisk utstyr som tol høgt omgjevnadstrykk utan å verte brannfarleg. Ved behandling av respiratorpasientar er det Intensivlege på utsida av kammeret som har ansvar for intensivbehandlinga. Intensivlegen kan trykksettast og gå inn til pasienten på under eit minutt om det vert turvande. Dykkelege og trykkammeroperatør har ansvar for sjølve trykkammerbehandlinga.

Etter

Pasienten vert følgt opp av den avdelinga som tilviser pasienten til trykkammerbehandling.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider

  • Line 21 og 12 har avgang frå Bystasjonen.
  • Linje 2 eller 3 er eit betre alternativ søndagar, då line 12 og 21 har få avgangar denne dagen.
​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss


Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

OBS: dette tilbodet finnst ikkje i helger og høgtider. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Pasientreiser

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Privatbil og parkering

Pasient må unngå bilkøyring 

Om du bur utanfor Bergen og vurderer å nytte eigen bil som transportmiddel, vil vi få åtvare deg om at du kan få synsendringer av behandlinga som kan gjere at du ikkje har godt nok syn til å kunne køyre bilen heim att. Andre treng roande medisin før behandling, og kan av den grunn ikkje køyre bil like etterpå.

Dersom du likevel vil nytte eigen bil, tilrår vi at du høyrer med Pasientreiser på førehand, om dei vil dekke utgiftene til dette.

Parkering

Det er få parkeringsplassar på Haukeland hotell, og du må sjølv tinge og betale for parkeringsplass på hotellet. Det er og dyrt å parkere på sjukehusområdet, og man må sjølv betale parkeringskostnadane som påløper. 

Parkeringskort til sjukehusområdet til redusert pris tildeles pasientar som er inneliggande eller køyrer til og fra behandling kvar dag, men ikkje til pasientar som bur på Haukeland hotell. I området kring Haukeland hotell er det soneparkering, og av den grunn vanskeleg å finne parkering.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Friluftsliv

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Idrett

Kultur og opplevingar

Mattilbod

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Servicetilbod i nærområdet til Haukkeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

 

Spisestader i nærområdet

Møllendal Fetevare: Fetevarer og kafé

Møllendalsveien 68D  Telefon 94085075

Man 11-17
Tir- fre 11-23
Lør – søn 12-18

Hyssingen kafé og bakeri

Møllendalsveien 65B

Tir-tor 10 – 15:30

 

Kafé Munck i Fakultet for kunst og design

Møllendalsveien 61

Man-fre 10:30-15:30

Bien snackbar Danmarksplass

Kafé Kranen Solheimsviken


Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Treningstilbod for kreftoverlevere i rehabilitering

Snakk med legen din på Seksjon for hyperbarmedisin om du ønskjer tilvising for å delta i tilrettelagd trening. 

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?