Undersøking
Hudbiopsi
Ved hudbiopsi blir det tatt ei lita vevsprøve frå huda. Prøva blir sendt til nærmaste patologilaboratorium for mikroskopisk undersøking.Ved stansebiopsi fjernar vi ein liten del av huda ved bruk av ein liten (2–8 mm) og rund kniv. Stansebiopsi er aktuelt som ledd i utgreiing av ulike hudsjukdommar, både hudsvulstar, hudkreft og forskjellige utslett.
Før
Det er vanlegvis ikkje nødvendig med spesielle førebuingar før stansebiopsi. Barn som skal ta stansebiopsi, kan få forbehandling med bedøvande krem (Emla) ein time før prosedyren.
Under
Du får lokalbedøving der vi skal ta biopsien. Når bedøvinga verkar, tar vi ut ein liten bit av vevet (to–åtte millimeter). Det er ofte ikkje nødvendig å sy ved dei minste stansebiopsiane, men ved litt større biopsiar (seks–åtte millimeter) får du ein–to sting. Såret blir dekt av plaster som kan sitte på til det dannar seg skorpe.
Etter
Ver merksam
Det er sjeldan komplikasjonar etter stansebiopsi, men hudinfeksjon kan førekomme. Dersom huda omkring biopsistaden blir raud, varm, hoven og smertefull i dagane etter prøva, må du kontakte lege, anten legen som har tatt prøva, eller fastlege/legevakt.
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Oppmøtestad
Du finn oss i Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus.Hudbygget
Jonas Lies vei 73