Undersøking
Gynekologisk undersøkelse
Gynekologisk undersøking (GU) er ei undersøking av underlivet hos kvinner. Det blir brukt ved utgreiing av gynekologiske lidingar. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan.Tilvising og vurdering
Både fastlege, helsestasjon og sjukehus kan tilvise til gynekologisk undersøking.
Før
Du må vere avkledd nedantil like før undersøkinga. Du kan ikkje ta livmorhalsprøve/ celleprøve dersom du har menstruasjon.
Under
Vanlegvis ligg du på ein benk med beina opp, hvilande i ein beinhaldar. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam.
Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.
I nokre tilfeller må gynekologen gjere ein generell undersøking, og vil ta både røntgen og blodprøvar.
Etter
Når undersøkinga er ferdig kan du reise heim. Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser.
Resultat av undersøkinga
I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.
Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.