Gynekologisk undersøking

Gynekologisk seksjon

Gynekologisk undersøking er brukt ved utgreiing av gynekologiske tilstandar og sjukdommar.

Innleiing

Gynekologisk undersøking (GU) er gjort som eit ledd i diagnostisering av gynekologisk tilstand eller sjukdom. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan for å sjå etter teikn til sjukdom. Nokre gongar må legen gjere ei utvida undersøking av deg, og det kan vere aktuelt med ultralyd, røntgen og blodprøver for å utgreie mogeleg gynekologisk sjukdom og gi ei sikker diagnose.

Før

 Det er inga førebuing til gynekologisk undersøking.

Under

Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra årsaka til undersøkinga.

Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Ved mykje luft i tarmen kan ein likevel oppleve luftsmerter i samband med undersøkinga. Full urinblære kan også gi ubehag ved undersøkinga.

Vanlegvis ligg du på ein benk med beinhaldar under undersøkinga, og du må vere avkledd nedantil. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam. Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Hensikta er å finne ut om det er uvanleg oppfylling eller uvanlege smerter i magen og underlivet. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.

 

Etter

Dei aller fleste pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelt andre avtalar ved sjukehuset etter undersøkinga. Inneliggande pasientar kan gå eller bli køyrt tilbake til avdelinga rett etter undersøkinga. 

Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser. 

Resultat av undersøkinga

I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.

Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

 

Arrangement

Eksterne kurs

Kontaktinformasjon

Gynekologisk seksjon
Telefon
Telefon 55 97 42 00 | Faks 55 97 49 68
Besøksadresser og praktisk informasjon
Fann du det du leita etter?