Glukosebelastningstest

Poliklinikk for gravide
Sukkerbelastningstest

Glukosebelastningstest brukast for å stille diagnosen diabetes. Dette er ei undersøking der ein kontrollerer kroppens evne til å regulere blodsukkernivået.

Tilvising og vurdering

Du kan ta glukosebelastningstest (sukkerbelastningsprøve) hos fastlegen din, eller du kan bli tilvist til poliklinikk ved sjukehus for å få gjennomført testen.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du må møte fastande til glukosebelastningstesten. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke, røykje eller tyggje tyggjegummi i frå midnatt kvelden før undersøkinga.

2. Under

 

På undersøkingsdagen møter du fastande.

Først blir det tatt ein blodprøve for å kontrollere fastande blodsukkernivå. Deretter skal du drikke den sukkerhaldige væska, og etter to timar blir nye blodprøvar tatt og blodsukkarverdiane målt på nytt.

I ventetida mellom dei to blodprøvane må du halde deg i ro. Dette fordi aktivitet kan verke inn på blodsukkerverdiane dine.

Undersøkinga er over etter at siste blodprøve er gjennomført. Heile undersøkinga tar om lag 3 timar.

3. Etter

Resultatet av blodprøvane er klare same dag som testen gjennomførast. Du blir informert om prøvesvara av legen som har tilvist deg.

Dersom prøvesvara viser at du har utvikla svangerskapsdiabetes, vil du få opplæring i å måle blodsukkeret sjølv, før og etter måltid. Legen vil ut frå blodsukkerverdiane vurdere kva behandling og tiltak som må iverksettast for å normalisere blodsukkernivået ditt.

Om blodsukkernivået ditt er svært høgt, må du ta tabletter eller insulinsprøyter for å senke dette. Alle som får påvist høgt blodsukker må evaluere og eventuelt endre kosthaldet sitt. Sunn kost og mosjon er viktig for alle som har forhøya blodsukkerverdier - og for å førebygge utvikling av svangerskapsdiabetes og type 2 diabetes.

Kontakt

Oppmøte

Poliklinikk for gravide, Kvinneklinikken.

Telefon 55 97 43 26

Poliklinikk for gravide
Telefon
55 97 43 26 - Sekretær
55 97 43 27 - Jordmor
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​