Behandling

Fysioterapi etter brannskade

Fysioterapi er ein viktig del av moderne, tverrfagleg brannskadebehandling. Brannskadar fører ofte til stram hud som igjen kan føre til nedsett rørsleevne i ledd (såkalla kontrakturar), det vil sei nedsett rørsle og funksjon. Fysioterapi kan i stor grad motverke dette.

Brannskader kan også føre til skjemmande og hemmande utvikling av arr, såkalla arrhypertrofi. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med tiltak som motverker dette også.

Fysioterapien bør starte straks du blir innlagt i sjukehuset, og fortsette etter utskriving.

Før

Det trengs ingen førebuingar.

Under

Behandlinga består av passive øvinga i starten, dersom du er bevisstlaus, tilkopla pustemaskin, og ikkje klarar å bevege deg sjølv. Det vil sei at fysioterapeuten hjelper deg med å røre på ledda dine, og med å tøye stram hud og stramme musklar.

Etter kvart som du vaknar til, vil du bli instruert i å gjere aktive øvingar, det vil sei trene, for å vedlikehalde eller betre rørsleevne, styrke og uthaldenheit. Dette er særlig viktig dersom hendene dine er skada. Då må du trene og tøye ofte, og kanskje få tilpassa kvileskinner, for å holde ledda i ei gunstig stilling mens såra gror.

Av same grunn er det ofte behov for tilrettelagt sengeleie. Den brannskada og ny-transplanterte huda må heldas på strekk for å unngå kontrakturar. Armbord, fotbrett, puter, nattskinner med meir vert brukt til dette.

Fysioterapeuten, saman med sjukepleiarane, hjelper deg opp av senga så fort som mogeleg etter ulukka. Gangtrening (med eller utan støtte) og trening på daglege gjeremål (ADL) vert vektlagt, slik at du kan klare deg mest mogeleg sjølv når du vert skrevet ut frå sjukehuset.  

Får du pusteproblem, til dømes lungebetennelse med slimdanning, vil du få lungefysioterapi så lenge du treng det. Det vil sei øvingar, hjelpemiddel til å puste og hostestøtte med meir.

Dersom såra dine er djupe og gror seint, det vil sei at det tek over 3 veker før såra er grodd, kan du forvente at arra vil bli hypertrofiske. Det vil sei tjukke, raude, harde og ujamne, gjerne med strammande drag. Dei kan klø og være smertefulle. For å førebygge dette og behandle arra vil du få tilpassa  stramme, elastiske plagg (kompresjonsplagg) som du må bruke dag og natt i lang tid, når såra er fullstendig grodd. Desse plagga vil trykke mot arra slik at dei vert gradvis flatare, bleikare og mjukare, og klør mindre. Teiping med papirplaster eller silikon hjelper også. Det kan brukast i tillegg til dei stramme plagga.

Er andletet skada, vil du få tilpassa ei spesiell hardplastmaske, gjerne med silikon på innsida.

Medan du venter på spesialplagga bør du bruke noko som heiter Tubigrip (doble hylser av elastisk, stramt materiale) på armar, bein og overkropp, og eventuelt pre-fabrikkerte hanskar.

Fysioterapeuten avgjer i samråd med plastikkirurg kva arrbehandling du treng i dei ulike fasane av rehabiliteringa.

Ved alvorlig skade

Ved alvorlige brannskader kan du bli tilvist til  Nasjonal behandlingstjeneste for avansert brannskadebehandling på Haukeland universitetssjukehus. Her vil du få dagleg fysioterapi under opphaldet. Gjerne fleire gangar daglig, også i helger og på kveldstid, ved behov.

Kor lang tid tar behandlinga?

Jo meir omfattande (kor mange prosent av kroppsoverflata som er forbrent) og jo djupare brannskade du har pådradd deg, jo lenger må du være innlagt i sjukehus. Det vert vanlegvis berekna minst eit liggedøgn per prosent brannskade. Har du andre diagnosar i tillegg, og oppstår det komplikasjonar undervegs, vil behandlinga ta lengre tid. Du vil då trenge meir fysioterapi medan du er innlagt, og meir etter utskriving frå sjukehuset.

Etter

Når du vert skriven ut frå sjukehuset, vil du enten reise rett heim med tilvising til fysioterapeut på heimstaden din dersom du er i stand til det, eller du vil bli overført til lokalsjukehuset ditt for vidare sårbehandling og fysioterapi.

Ofte er dette medan du ventar på plass på rehabiliteringsinstitusjon dersom du har behov for det.

Du vil bli følgt opp med tverrfaglig brannskadekontroll på Plastikkirurgisk poliklinikk på Haukeland cirka kvar tredje månad etter utskriving frå brannskadeavdelinga, heilt til arra dine er modne. Det vil sei flate, bleike og mjuke, slik at kompresjonsbehandlinga kan avsluttast.

Hensikta med desse kontrollane er å sjå om rehabiliteringa med trening og arrbehandling går greit, eller om du har sår eller andre problem du treng hjelp til. Det kan bli aktuelt med fleire operasjonar på sikt, det vil si rekonstruktiv kirurgi. Du vil då bli innlagd på Plastikkirurgisk sengepost på Haukeland, og følgt opp med nye kontrollar på poliklinikken.