HELSENORGE
Kreftbehandling og medisinsk fysikk

Fjerning av føflekk ved Kreftavdelinga

Føflekkar er hudforandringar eller pigmenteringar. Dei fleste føflekkar er godarta. Avhengig av gen og overdriven soling/solforbrenning i dei første barne- og ungdomsåra, kan nokre av desse utvikle seg til vondarta føflekkar.



Ventetider

Innleiing

Eit vakse menneske har minst 20–30 føflekkar i gjennomsnitt. 

Dersom du er tilvist for fjerning av føflekk der vi ikkje veit sikker diagnose, fjernar vi den alltid med god margin. Når vi så får endeleg diagnose, bestemmer vi om det er nødvendig med noko nytt inngrep for fjerning av ytterlegare vev.

Dersom du alt har fått fjerna ein føflekk som viser seg å vere føflekkreft (malignt melanom), fjernar vi ytterlegare vev rundt der føflekken har vore (utvida eksisjon/sikkerheitsmargin). Dette blir gjort for å sikre at vi har fjerna nok vev rundt kreftsvulsten, slik at risikoen for tilbakefall blir redusert.



Tilvising og vurdering

Fastlege tilviser deg til sjukehuset, som vurderer tilvisinga innan 5 dagar. Nasjonale retningslinjer (rettleiar) vil saman med legens individuelle vurdering, avgjere eventuell ventetid.



Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing


Før

Du bør møte med usminka og rein hud.

Ved større føflekker og fødselsmerke kan legen be om at du møter fastande. Å faste vil seie at du ikkje ete, drikk, et drops, tygg tyggegummi, røyker eller snusar dei siste seks timane før avtalt time.



Under

Inngrepet blir gjort i lokalbedøving. Skal du fjerne lymfeknute (vaktpostlymfeknuten), kan vi gjere begge delar i narkose. Føflekken blir fjerna, og såret blir sydd igjen. Er det ikkje mogleg å sy såret igjen direkte, vil vi lukke såret med hudtransplantat frå ein annan stad på kroppen.



Etter

Etter operasjonen vil føflekken/arret, og eventuelt vaktpostlymfeknuten, bli sendt til mikroskopisk undersøking. Du får brev med prøvesvar når dette er klart. Skulle det vise seg at du treng ytterlegare kirurgi, vil du bli kalla inn til ny time.

Etter at du er ferdigbehandla hos oss, er det viktig at fastlegen din, eventuelt hudlegen din, følger deg opp.

Dersom du har føflekkreft, skal du bli undersøkt av hudlege, for å vere sikker på at du ikkje har fleire føflekkar med forandringar. Pass på at du får tilvising til hudlege, enten frå oss eller frå fastlegen din. Hudlege og fastlege skal så bli einige seg imellom om kvar kontrollane skal skje vidare.

Oppfølging etter operasjon

Du bør bruke teip på arret i 3 månader etter operasjonen. Dette for å få eit finast mogleg arr. Denne papirteipen blir skifta ved behov. 

Du kan dusje 2–3 dagar etter operasjonen. Dersom ein skal fjerne sting etter operasjonen, blir desse fjerna hos fastlege etter avtale med operatør.



Ver merksam

Soleksponering


Du bør unngå å sitte i sola mellom kl. 12:00 og kl. 15:00. I tillegg bør du bruke solkrem med høg solfaktor, dvs. faktor 20 til 30 ved direkte soleksponering. Det er viktig at du eller eventuelt ein av dine nærmaste observerer eventuelle endringar i arret eller på andre føflekkar. 





Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

Ulriksdal (for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene), sør for Haukeland (line 5, 6, 12 og 16E)​, Ibsensgate (arbeidsruter), Haukelandsveien (line 5,6 og 16E).

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Pasientreiser

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøksreglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Legat

Apotekar Gustav Holst og hustru Albertha Holst legat.
Vedtekter, §1.
 
"Legatet si disponible avkasting skal tildelast ubemidla kreftsjuke, som bur i Bergen eller tidlegare Hordaland, i ein porsjon som legatstyret finn formålstenleg og passande. Formålet med tildelingane er å gi støtte til personar som er blitt økonomisk vanskelegstilte som følgje av kreftsjukdom.
For pasientar som etter endt behandling truleg er kurert for kreftsjukdommen sin, fell retten til å søkje om støtte bort."
Legatet har eit styre på tre medlemmar som set i verk utdeling frå legatet. Denne verksemda blir driven frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus. Utdeling blir gjort ein gong i året.​

Sist søknadsfrist var 1.september 2022

Kontaktpersoner ved Seksjon for sosionomtenester, Helse Bergen:
Synneve Myklebust, telefon 55 97 38 08
Lene Merethe Hellesen, telefon 55 97 38 05

Pasientbil

​Pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga kan låne bil.

​Ønskjer du å låne ein bil?

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 09.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trivselskoordinator

Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ein eigen trivselskoordinator som er leiar for Styringsgruppa for pasientvelferd. 

Gruppa har for eksempel kjøpt nye møblar og kunst, og ​​​​​​​​​​​trivselskoordinatoren arrangerer alt frå konsertar til sommarfest og julebord. 

Kontaktdetaljar
Lilly Vinje
trivselskoordinator@helse-bergen.no

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Ungdomsrommet

Fann du det du leita etter?