Fjerning av livmor, ikkje kreft

Gynekologi generell

 

Det kan vere ulike årsaker til ein må fjerne livmora. Å fjerne heile livmora blir kalt for ein hysterektomi. Livmora kan fjernast enten med kikholsoperasjon (laparoskopi) eller open kirurgi (laparotomi).

Innleiing

 

Det finst fleire sjukdommar, som ikkje er kreft, der behandlinga er å fjerne livmora. Desse sjukdommane er sjeldan farlege, men kan føre til store plagar og nedsett livskvalitet.

Når du fjernar livmora vil du ikkje lenger ha moglegheit for å få barn, og du vil miste menstruasjonen. Du vil fortsatt ha din normale hormonproduksjon fordi det er eggstokkane som produserer hormonar. Det er ikkje nødvendig å fjerne eggstokkane sjølv om du fjernar livmora. Dersom eggstokkane blir fjerna, vil du gå direkte i overgangsalderen fordi hormonproduksjonen forsvinn. Nokon gonger kan det vere sjukdom på eggstokkane som gjer at desse også må fjernast.

Sjukdom der behandlinga kan vere å fjerne livmora:


Tilvising og vurdering

 

Det er fastlegen eller din private gynekolog som tilviser deg til sjukehus for å få fjerna livmora.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

 

 

Kor lang tid tar utgreiingsfasen?

Det er fleire faktorar som avgjer kor lang tid ein utgreiingsfase vil vere. Om du har store plagar, kan utgreiingsfasen bli kortare då du vil bli prioritert foran andre pasientar med mindre plagar. Om du må gjennom fleire forundersøkingar som eit ledd i din utgreiing, vil dette gjere at utgreiingsfasen blir lengre. Til tider kan det vere mange pasientar som ventar på same behandling, noko som også kan påverke ventetida.

Før operasjon 

Før operasjon blir du kalt inn til operasjonsførebuingar på sjukehuset. Du vil bli undersøkt av ein lege / gynekolog og det vil bli foretatt ei gynekologisk undersøking med ultralyd. Ved behov kan det også vere aktuelt med andre undersøkingar før operasjon. Du vil og få snakke med andre som er involvert i behandlinga du skal gjennom; det kan vere sjukepleiar, anestesilege eller fysioterapeut. 

Under førebuingane får du informasjon om inngrepet, og du vil ha moglegheit til å stille spørsmål. Ta med liste over faste medisinar til sjukehuset, og opplys om eventuelle allergiar. Har du spesielle behov eller funksjonshemmingar, ver vennleg å informere om dette slik at vi kan tilretteleggje best mogleg for deg under innlegginga og operasjonen.

Les meir om  Gynekologisk undersøking

Gynekologisk undersøking

 

Gynekologisk undersøking er brukt ved utgreiing av gynekologiske tilstandar og sjukdommar.

 

Gynekologisk undersøking (GU) er gjort som eit ledd i diagnostisering av gynekologisk tilstand eller sjukdom. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan for å sjå etter teikn til sjukdom. Nokre gongar må legen gjere ei utvida undersøking av deg, og det kan vere aktuelt med ultralyd, røntgen og blodprøver for å utgreie mogeleg gynekologisk sjukdom og gi ei sikker diagnose.

1. Før

 

 Det er inga førebuing til gynekologisk undersøking.

2. Under

 

Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra årsaka til undersøkinga.

Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Ved mykje luft i tarmen kan ein likevel oppleve luftsmerter i samband med undersøkinga. Full urinblære kan også gi ubehag ved undersøkinga.

Vanlegvis ligg du på ein benk med beinhaldar under undersøkinga, og du må vere avkledd nedantil. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam. Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Hensikta er å finne ut om det er uvanleg oppfylling eller uvanlege smerter i magen og underlivet. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.

 

3. Etter

 

Dei aller fleste pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelt andre avtalar ved sjukehuset etter undersøkinga. Inneliggande pasientar kan gå eller bli køyrt tilbake til avdelinga rett etter undersøkinga. 

Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser. 

Resultat av undersøkinga

I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.

Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

 

Les meir om  Ultralydundersøkelse

Ultralydundersøkelse

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen. 

1. Før

Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

  • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga.
  • Ved undersøking av urinblæra skal du møte med full urinblære.
  • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

 

2. Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé  på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.  Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

3. Etter

Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same.

Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga. 

Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

Resultatet av undersøkinga

Bileta blir granska av ein lege som lagar ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt legen som tilviste deg, normalt innan ei veke.
Bileta og beskrivinga blir lagra i datasystemet vårt.

Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. 

Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag. 

Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22 (Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00
Radiologisk avdeling
Telefon
55 97 24 00
Telefaks 55 97 51 40
måndag - fredag 08.00-15.00
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Radiologisk avdeling
Postboks 1400
5021 Bergen
Les meir om  MR-undersøking

MR-undersøking

MR er en undersøkelse hvor det ved hjelp av et kraftig magnetfelt, radiobølger og datamaskin kan fremstilles digitale bilder av kroppen i ulike plan. Det brukes ikke røntgenstråler ved denne type undersøkelse. Stort sett kan alle deler av kroppen undersøkes med MR‐teknikk.

Undersøkelsen gjennomføres for å stille diagnose, kartlegge sykdommens utbredelse eller vurdere effekten av en behandling. Den kan også brukes for anatomisk kartlegging, for eksempel før stråleterapi.

MR‐undersøkelsen gir mange bilder (snittbilder) av det anatomiske området som skal undersøkes og kan også gi en 3‐dimensjonal fremstilling av anatomien. MR‐undersøkelser gir spesielt god fremstilling av forandringer i muskulatur, bindevev og sentralnervesystem. I tillegg kan MR fremstille sykdomsforandringer i skjelettet, hjertet, bryster, blodårer, urinveier og bukorganer inklusive tarmsystemet.

1. Før

Ved ankomst til MR‐området, vil du bli stilt en del spørsmål muntlig for kontroll. Gjenstander av metall kan bli påvirket av det kraftige magnetfeltet eller forårsake forstyrrelser i bildene. Vi trenger derfor å vite om du har:

  • Pacemaker eller pacemakerledninger
  • Innoperert høreapparat (cochleaimplantat)
  • Klips på blodkar i hodet
  • Andre innopererte gjenstander i kroppen som kan være av metall (f.eks stent, plater, proteser, shunt, graft,hjerteklaffer, coiler eller lign.)
  • Metallsplint i øyet og eventuelle tidligere operasjoner i øyet
  • Tatoveringer
  • Infusjonspumpe (f.eks insulin eller morfin) eller nevrostimulator
  • Nevrostimulator
  • Arm‐, ben‐ eller leddproteser
  • Røykeplaster, smerteplaster

Sølvkompress og sinksalve som kan brukes på sår, kan også forstyrre bildetakingen på grunn av metallinnhold. Skal du undersøke hodet må øyenskygge fjernes, da denne kan inneholde små deler av metall som kan gi forstyrrelser på bildene. Vi trenger også å vite om du er gravid (se nedenfor).

Hva du IKKE kan ha med inn i selve MR‐rommet

Metallgjenstander som f.eks. briller, kulepenner, nøkler, hårnåler, smykker og mobiltelefoner kan trekkes inn mot apparatet i stor fart og må fjernes før undersøkelsen starter. Det samme gjelder høreapparater og tannproteser som kan forstyrre magnetfeltet, fordi disse kan inneholde magnetisk metall. Piercinger bør fjernes da de kan bli varme. Klokker, bank‐ og kredittkort kan ødelegges av magnetfeltet og må derfor ikke være med inn i undersøkelsesrommet. Personalet vil sørge for at disse gjenstandene oppbevares trygt i en sikkerhetsboks.

MR av barn

Undersøkelse av barn foregår på samme måte som på voksne, men med litt forskjellig tilpassing.

Barn til MR

Children and MRI

Klaustrofobi eller sterke smerter

Det er viktig å ligge helt stille under undersøkelsen. Det skjer at noen pasienter opplever en klaustrofobisk følelse når de ligger i en MR‐maskin. Hvis du har sterk klaustrofobi, kan du før undersøkelsen innta avslappende medisin. Hvis du har sterke smerter, kan du innta smertestillende medisin før undersøkelsen. I god tid før undersøkelsen må du selv avtale med henvisende lege om det er nødvendig å få skrevet ut medisin i forbindelse med dette. Radiologisk avdeling har vanligvis ikke medisiner tilgjengelig.

Gravid/ammende

Ved medisinsk hast gjøres MR av gravide pasienter. Men vi er særlig tilbakeholdne med MR-undersøkelse av gravide de 3 første månedene, selv om det IKKE er påvist skadelige virkninger av magnetfeltet eller radiobølgene.

Bruk av kontrast og overgang til morsmelk: MR-kontrast passerer, men effekt på barnet forventes ikke. Den generelle anbefalingen er at kvinnen stopper å amme (kaster melken) de neste 24 timer etter kontrastundersøkelse.

Narkose

MR‐undersøkelser kan i enkelte tilfeller utføres under narkose. Det skal i så fall brukes spesielt narkoseutstyr. MRundersøkelser av små barn blir ofte gjort i narkose. Gjerne link til barneprosedyrer

Påkledning

Klede med metall (til dømes BH, bukse med metallglidelås/naglar) må takast av før undersøkinga. Du vil få egna skjorte og/eller bukse. 

Mat, drikke og medisin

Du kan vanligvis spise, drikke og ta de medisiner som du pleier før undersøkelsen. Dersom du trenger å faste før undersøkelsen, vil du bli informert om dette i innkallingsbrevet som du får fra oss.

2. Under

Under undersøkelsen ligger du på et bord som føres inn i en tunnel/hull i maskinen, som er åpen i begge ender og godt opplyst. Stillingen som du skal ligge i, er avhengig av hvilket område av kroppen som skal undersøkes.

Personalet sitter i et siderom og følger med hele tiden. Du får en liten ballong (ringeklokke) som du kan klemme på hvis du vil at vi skal komme inn til deg. Du kan dessuten få kontakt med personalet via en høyttaler og en mikrofon. Det er også mulig å ha med en følgeperson inn i MR-rommet. I noen tilfeller blir du bedt om å holde pusten i kortere tid. Mens bildeopptakene pågår, hører du en bankelyd i maskinen. Det er viktig å ligge stille mens denne bankingen pågår fordi bildene blir uskarpe ved bevegelse. Du vil få utdelt ørepropper/øreklokker som demper bankelyden, og i noen av våre MR‐maskiner kan du høre på musikk.

Undersøkelsen er ikke forbundet med smerte, men det kan være vanskelig å ligge stille. Det er derfor viktig at vi hjelper deg med å finne en stilling som er behagelig. Hvis du skal ha kontrastvæske, får du et stikk i armen som ved en blodprøve.

3. Etter

Legen som har bestilt undersøkelsen får svar fra Radiologisk avdeling. Du får vite resultatet av undersøkelsen fra din egen lege etter avtale.

Ver merksam

Pasienter som har fått beroligende medikamenter kan ikke kjøre bil hjem selv. Dersom du skal til en undersøkelse hvor det er nødvendig å gi medisin for å dempe tarmbevegelser, vil du få informasjon i timetildelingsbrev/innkallingsbrev om selv ikke å kjøre bil hjem. Denne type medisin kan gi lette forbigående synsforstyrrelser.

Bivirkninger og komplikasjoner

Selve MR‐undersøkelsen gir ingen bivirkninger. Dersom det må gis kontrastvæske, kan dette en svært sjelden gang gi bivirkninger som f.eks. kvalme eller kløe i huden. Ta kontakt med lege dersom du får plagsomme utslett etter undersøkelsen. I noen tilfeller vil vi be pasienten ta en blodprøve for å avklare pasientens nyrefunksjon.

Besøksadresse
Kysthospitalet i Hagevik
Sentralblokka
Voss Sjukehus
Radiologisk avdeling
Telefon
55 97 24 00
Telefaks 55 97 51 40
måndag - fredag 08.00-15.00
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Radiologisk avdeling
Postboks 1400
5021 Bergen
MR-undersøking
Les meir om  CT-undersøkelse

Nokon gonger er det nødvendig å ta ein ekstra blodprøve same dag som du skal opererast. Dette vil du få beskjed om i forkant. Då går du i så fall til laboratoriet i kjellaren på Kvinneklinikken, og tar kontakt i luka eller bruker ringeklokka før du møter på avdelinga.   

2. Under

 

Når det er bestemt at du skal fjerne livmora ved operasjon, vil du bli lagt inn på sjukehus. Det er vanleg å bli innlagt same morgon som du skal opererast. Du kan reise heim 1-3 dagar etter operasjonen.

Livmora kan fjernast enten ved kikholskirurgi (hysterektomi per laparaskopi), open kirurgi (hysterektomi per laparotomi) eller vaginal hysterektomi. Det er vanleg å bruke kikholskirurgi, men nokon gonger må ein bruke open kirurgi. Årsakar til dette kan vere:

  • Livmora er for stor til å gjere det via kikhol
  • Du har vore operert i magen tidlegare som gjer at det er meir kompliserte forhold
  • Om det oppstår komplikasjonar under kikholsoperasjonen som gjer at ein må ha meir oversikt og sjå inn i magen

Det er legen din som avgjer kva slags operasjon som er best for deg. Nokon gonger kan ein velje å la livmorhalsen bli igjen, mens andre gonger fjernar ein livmorhalsen saman med livmorkroppen. Ved kikholskirurgi er det vanleg å vere på sjukehuset til dagen etter operasjon. Ved open kirurgi ligg du på sjukehus i 1-3 dagar. Alvorlege komplikasjonar er sjeldne.

Førebuingar heime før operasjon

  • Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
  • Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
  • Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.
  • Fjern eventuell naglelakk, smykke, ringar og piercingar.
  • Du må faste dagen før operasjon. Det vil seie ingen mat, drikke, røyk, snus, drops eller tyggjegummi etter kl. 24.00 dagen før operasjonen. Du kan drikke vatn fram til kl. 06.00, samt pusse tennene.

Operasjonsdagen

Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å liggje i medan du ventar på å bli kjørt til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokon spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjort riktig. Etter kvart blir du kjørt til operasjonsavdelinga, og du vil få narkose før operasjonen begynner. Operasjonen tar vanlegvis 1-2 timar.

Under operasjonen

Fjerning av livmor ved kikholsoperasjon

Når livmora blir fjerna med kikholskirurgi, vil du komme deg mykje fortare enn om det blir gjort med open kirurgi.

Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumentar på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Legen løyser livmora inni magen, og fjernar ho enten gjennom skjeden, eller livmora delast opp og så fjerna via kikhola.

Fjerning av livmor ved open kirurgi

Nokon gonger er det planlagt på førehand at livmora skal fjernast med open kirurgi, medan andre gonger kan det oppstå komplikasjonar under ein kikholsoperasjon som gjer at legane må opne opp magen for å få meir oversikt.

Under operasjonen blir det enten laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Legen løyser livmora inni magen og fjernar ho gjennom snittet på magen. 

Fjerning av livmor via skjeden

Når livmora blir fjerna via skjeden utan at ein lagar snitt i huda på magen, kaller vi det ein vaginal hysterektomi. Ved dette inngrepet blir også livmorhalsen fjerna, og du treng ikkje lenger å ta celleprøver.

Under operasjonen vil du ligge i gynekologisk leie. Legen vil via skjeden fjerne livmora. Operasjonen vil bli utført i narkose eller med ryggbedøving (spinal anestesi). 

Etter operasjonen

Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka, vil du bli flytta til ein sengepost.

Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil då få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov. Det er viktig å komme seg på beina raskt etter ein operasjon. Dette vil sjukepleiarane hjelpe deg med. Det blir lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etterpå.

Om du har fjerna livmora ved kikholskirurgi eller via skjeden, er det vanleg å reise heim dagen etter operasjonen. Ved open kirurgi blir ein som oftast på sjukehuset i nokre dagar etter operasjonen.

Komplikasjonar

Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men kan skje ved alle typar operasjonar. Ved open kirurgi kan følgande skje:

  • Bløding under eller etter inngrepet
  • Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
  • Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
  • Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
  • Blodpropp (sjeldan)
  • Problem med bedøving (svært sjeldan)

 

Dagen etter operasjonen vil vi rutinemessig ta ein kontrollblodprøve for å sjekke hemoglobinnivået ditt.

3. Etter

 

Å fjerne livmora er ein stor operasjon, og det tar tid å komme seg etterpå. Her finn du meir informasjon om ulike forhold og atterhald ein må ta etter fjerning av livmora:

 

Smerter

  • Du kan forvente smerter etter operasjonen. Kor sterke smerter er avhengig av kva slags operasjon du har hatt. Du vil få smertestillande jamnleg heile døgnet når du er på sjukehuset, og ein resept på smertestillande du kan bruke når du kjem heim.
  • Ved open kirurgi blir det nokon gonger lagt inn eit epiduralkateter i ryggen som smertelindring etter operasjonen. Dette blir som regel fjerna dagen etter eller to dagar etter operasjonen.
  • Det er viktig at du gir beskjed om du får smerter som ikkje lar seg lindre av dei smertestillande du får. Det er individuelt kor sterke smerter ein har etter operasjon, og ein vil derfor ha individuelle behov for smertestillande.
  • Ved kikholsoperasjon kan det oppstå smerter i skulder og mellomgolvet grunna CO2-gassen som blir brukt til å «blåse» opp magen under operasjonen. Å vere i bevegelse hjelper mot luftsmerter.

Operasjonssår

  • Ved open kirurgi vil operasjonssåret enten bli sydd igjen med tråd som løyser seg opp av seg sjølv, eller såret vil bli stifta igjen.
    • Vi legg bandasje over såret som berre skal skiftast om det kjem blod gjennom. Dei fleste bandasjane som blir brukt, toler vatn og du kan dusje utan å måtte skifte bandasje etterpå. Bandasjen og eventeulle stiftar skal fjernast etter 10-12 dagar. Om det er brukt stiftar under operasjonen, skal du bestille time hos fastlegen din for å få fjerna desse.
    • Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter opersasjonen, er det viktig å halde handflata eller ei pute mot såret. Dette skåner såret fordi sårflatene blir pressa saman.
    • Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4-6 veker etter operasjonen. Unngå å løfte tunge bæreposar, golvvask, snømåking, støvsuging og lignande. Det du klarer å løfte med strak arm, er greit.
    • Har du små barn og er avhengig av å løfte dei, tenk over kva musklar du bruker. Det går greit å løfte barnet opp på fanget i sittande stilling med armmusklane. Bruk lårmusklane når du skal plukke opp noke frå golvet.
  • Ved kikholskirurgi vil operasjonen late etter seg fire små arr som er ca. 1-2 cm lange, der det eine er i navlen.
    • I navlen og i midtlinja over skambeinet blir det sett eit sting med tråd som løyser seg opp av seg sjølv. Dei minste sårflatene blir som oftast trekt saman med «strips», og det blir lagt ein beskyttande bandasje over. 
    • Bandasjen skal ikkje skiftast, og om han ikkje har løyst seg etter ei veke kan du sjølv fjerne han. Bandasjane skal kun skiftast om det kjem blod gjennom eller dei har blitt våte etter dusjing eller lignande.
  • Infeksjon: Nokon gonger kan det oppstå infeksjon i operasjonssåret. Om såret væskar, må du rense det. Utstyr til dette kan du kjøpe på apoteket. Om ikkje infeksjonen går over etter ei veke med behandling, eller infeksjonen blir verre, bør du ta kontakt med sjukehuset.

Bløding

  • Du kan få bløding frå skjeden dei første dagane. Dette er heilt normalt. Du skal då bruke bind og ikkje tampong.

Dusj og hygiene

  • Du kan dusje etter eit døgn. Karbad og basseng bør du unngå til såra har grodd.

Røyk og snus

  • Dersom du røyker eller snuser, må du vere merksam på at det kan gjere deg uvel etter operasjonen på grunn av narkosen. Du bør derfor vente med å røyke eller snuse til du har komme heim.

Svar på prøver

  • Det som blir fjerna under inngrepet blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret er vanlegvis klart etter nokre veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. Fastlegen og gynekologen ved lokalsjukehuset ditt får kopi av svaret og brev om inngrepet.

Kontroll

  • Som oftast er det ikkje nødvendig med kontroll etter du har fjerna livmora. Om det er nødvendig vil legen informere deg om dette før du reiser heim.
  • Du må fortsette å ta celleprøver av livmorhalsen kvart tredje år dersom livmorhalsen ikkje er fjerna.

Restitusjon og sjukmelding

  • Hugs at du som er nyoperert treng ro og kvile. Trening som aerobic og lignande bør du vente med i minst 6 veker, ved open kirurgi må du vente 8-12 veker. Det er smerteterskelen som styrer kor fysisk aktiv du klarer å vere i tida etter operasjonen. Du skal ikkje gjere noko som gjer vondt.
  • Unngå samleie 8 veker etter operasjonen.
  • Lengde på sjukmelding er avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Ved kikholsoperasjon er det vanleg med eit par veker etter operasjonen. Ved open kirurgi er det vanleg med rundt 4 veker sjukmelding avhengig av kor fysisk krevande arbeid ein har.

Ver merksam

 

Ta direkte kontakt med sjukehuset og avdelinga som opererte deg dersom –

Ved fjerning av livmor via skjeden:


  • Du har feber over 38 gradar som ikkje går over i løpet av to dagar
  • Du har smerter som ikkje blir lindra når du tar smertestillande medisin


Ved fjerning av livmor ved kikholsoperasjon:


  • Operasjonssåret ser raudt og hovent ut, og du har feber over 38 gradar som ikkje gå over i løpet av to dagar
  • Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger for dagen
  • Du har smerter i beina eller svært tung pust


Ved fjerning av livmor ved open kirurgi:


  • Du har feber over 38 gradar som ikkje går over i løpet av to dagar
  • Du får smerter, hevelse i beina eller svært tung pust
  • Du har sterke magesmerter som ikje lar seg lindre av smertestillande medisin
  • Operasjonssåret er raudt og hovent
  • Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger for dagen

Kontakt

Oppmøte

Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46

Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21

Gynekologi generell
Telefon
55 97 42 25
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

Informasjon om flybussen i jula 2017

​Flybussen mellom Flesland og Haukeland universitetssjukehus går som normalt (sjå tekst under) til og med 22. desember, men er innstilt i jul og romjul. Oppstart etter nyttår blir 2. januar 2018.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.