HELSENORGE
Revmatologisk avdeling

Fibromyalgi

Fibromyalgi er ein tilstand karakterisert av langvarige utbreidde smerter i musklar og skjelett, samt kjensle av utmatting utan at ein finn teikn til betennelse ved klinisk undersøking og blodprøver.

Innleiing

Utbreiing og årsak

Fibromyalgi er ei av dei vanlegaste årsakene til generaliserte smerter i muskelskjelettsystemet hos kvinner mellom 20 og 55 år. Tilstanden rammar 2-3 % av befolkninga og er rundt 6 gonger hyppigare hos kvinner enn hos menn. 

Ein veit at endringar i måten hjernen oppfattar og handterer smerte på speler ei rolle ved fibromyalgi. Genetiske og miljømessige forhold er òg av betyding.


Symptom og sjukdomsteikn

Typiske symptom på fibromyalgi er kroniske og utbreidde smerter i musklar og skjelett med smerter på begge sider av kroppen, både over og under livhøgde. I tillegg kan ein kjenne seg stiv og nomen, samt ha brennande ubehag i armer og bein. Ei kraftig kjensle av utmatting er òg typisk. Utmattinga kjennes gjerne verre etter aktivitet, og ein kan kjenne seg utmatta sjølv etter ei lang natt med søvn. Mange skildrar problem med konsentrasjonsvanskar og handlingar som krev rask tankeaktivitet, og over halvparten av dei som har fibromyalgi har hovudverk. Depresjon er vanleg, og studiar viser at 30-50 % er deprimerte ved diagnosetidspunktet.  Andre symptom er irritabel tarm, hyppig vannlating, svimmelheit, og tørre slimhinner. 

Før

Fastsetting av diagnose

Fibromyalgi er ein klinisk diagnose. Det vil seie at verken blodprøver eller bildeundersøkinger vil gje tilleggsinformasjon. Blodprøver blir likevel ofte tatt for å utelukke andre diagnosar. Diagnosen vert sett på bakgrunn av samtale og undersøking. Ved fibromyalgi er oftast einaste funn ved undersøking ømme punkt ved trykk bestemte plassar på kroppen. Punkta er gjengitt i figuren under (henta frå Norsk Helseinformatikk sine sider).

Under

Behandling

Optimal behandling av fibromyalgi krev ofte ein kombinasjon av ikkje-medikamentell og medikamentell behandling. Val av behandling er avhengig av smerteintensitet, funksjon og assosierte symptom som depresjon, kjensle av utmatting og søvnvanskar. Mange kjenner seg betre i varmen, og trening i varmtvannsbasseng samt individuelt tilpassa treningsprogram med både styrketrening og kondisjonstrening kan vere effektivt. Nokon kan òg ha nytte av kognitiv terapi eller psykomotorisk fysioterapi. 

Det finst ingen medisinar som kan kurere fibromyalgi. Antidepressiva, som for eksempel Sarotex, kan redusere smerter og føre til betre søvn. Smertestillande, som Paracetamol, kan vere nyttig. Enkelte vil i periodar trenge sterkare smertestillande medikament som Tramadol. Nokre gonger kan det òg vere verd å forsøke medisin som til vanleg blir brukt mot epilepsi, som Lyrica og Neurontin. 

Etter

Oppfølging

Fibromyalgi er ein tilstand som vert følgt av fastlege. Enkelte vert tilvist til ei revmatologisk vurdering for å utelate andre diagnosar. Om fibromyalgidiagnosen då vert stadfesta, treng ein ikkje vidare kontrollar ved revmatologisk avdeling. 

Nyttig informasjon på andre nettsteder

Pasienthandbokafelleskatalogen.no/medisin/sykdombindevevssykdommer.no/sjogrens-2In english

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

​Tilvising

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Betaling

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Førebuingar

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Ventetider ved Revmatologisk avdeling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykeh usvalg.no.

Fann du det du leita etter?