Når tilvisinga er godkjent, vil dere få time til forundersøking på avdelinga og lege
Til forundersøkinga er det satt opp samtale med lege og sjukepleiar for deg og eventuell partner, og det er viktig at de informerer om eventuell medisinbruk/allergiar. Du skal gjennom ein gynekologisk undersøking og eventuell partner må levere sædprøve.
Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere ein avtale om assistert befruktning. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga.
Du vil også få opplæring i bruk av sprøyter som du skal sette sjølv under behandlinga. Forundersøkinga tar om lag to timer totalt, men før de drar frå sjukehuset skal de ta blodprøver ved laboratoriet på KK. Det ligg også i underetasjen i bygget og er tydeleg skilta.
Dersom det oppstår medisinske problemstillingar som ikkje var kjent ved forundersøkinga, (t.d. nye medikament) må de ta kontakt med seksjonen for å avklare vidare behandling.
SÆDPRØVE
Han kan velje om han vil ta den heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på et eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang.
Les meir om sædprøve
Samtykke til behandling
Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.
Det finnes ulike behandlingsprotokoller i forbindelse med assistert befruktning. Vi skiller mellom lang- og kort protokoll. Behandlinga vert tilpassa kvar enkelt kvinne og par.
1. Kort protokoll
Stimulering av eggstokkene gis i form av sprøyter som settes daglig i magen i ca 10 dager. Dette gjør du selv. Stimuleringen starter vanligvis 2. menstruasjonsdag i den aktuelle syklusen.
2. Lang protokoll
Denne protokollen innebærer forbehandling med nesespray før du starter med hormonstimulering, som ved kort protokoll. Nesespray brukes daglig under hele behandlingen.
Resepter
Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut på alle apotek i Noreg. Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og identifikasjon må visast. Haukeland Sjukehusapotek har inne dei ulike medikamenta som brukast i behandlinga. På øvrige apotek må medisinane bestillast minimun 1 veke før start av behandling. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er sendt til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.helsenorge.no og følgje instruksa der. Ring oss dersom noko er uklart.
Det finns fleire videoar med instruksjon for bruk av medikamenta på nettet. Søk på legemiddelet du skal nytta.