Normal lagringstid er 10 år med høve til ytterlegare 10 års forlenging. Prøvemateriale vil automatisk bli destruert ved fylte 55 år, utgått lagringstid, ved død eller ved skriftleg tilbakekalling av samtykke.
Ved tilbakekalling av samtykke vil pasienten få kvittering på at prøvematerialet er destruert.
Materialet kan berre nyttast til framtidig behandling med assistert befruktning av ektefelle / sambuar av menn som behandlast for kreft eller menn som av ulike medisinske årsaker har fråverande eller betydeleg nedsett evne til å levere fersk sædprøve av tilstrekkeleg kvalitet.
Tilbod om lagring av sæd/spermiar gjev ingen automatisk rett til behandling med assistert befruktning. Det er behandlande lege ved verksemda som utfører assistert befruktning som avgjer om eit par skal få tilbod om behandling. Dette vert gjort etter gjevne retningslinjer i bioteknologiloven og i samråd med naudsynt spesialkompetanse. Hos menn som har fått kreftbehandling vil prognostiske faktorar vere eit av fleire moment som inngår i vurderinga.
Lagra sæd / spermiar kan berre nyttast til behandling av mannen sin ektefelle eller sambuar. Sæd skal ikkje leverast ut for bruk til assistert befruktning etter gjevar sin død.