Gruppesamling
Pasientar som ynskjer, og vert tilrådd fedmeoperasjon av kirurg ved PFO, får innkalling til tverrfagleg informasjonsdag - individuell poliklinisk samtale og undersøking på Voss sjukehus. Alle blir tildelt ein perm med samla informasjon om operasjon og løpet vidare.
Poliklinikk
På poliklinikken møter pasientane sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut, turnuslege, anestesilege og forskingssjukepleiar til oppgjevne tidspunkt. Det er og sett av tid til laboratorieprøver og røntgenundersøking.
Vektnedgang
Vi tilrår vektnedgang dei siste 4 vekene i forkant av operasjonen. I samtale med klinisk ernæringsfysiolog og fysioterapeut vil du bli presentert for kostplan for vektreduksjon (Jfr informasjonsperm) og konkrete treningstiltak. Auka fysisk aktivitet og vektnedgang kan redusere risikoen for komplikasjonar under og etter operasjonen.
Røyking og alkohol
Det er svært viktig at pasienten ikkje røyker dei siste 4 vekene før- og 4 veker etter operasjonen. Det lange snittet på magesekken treng oksygenrik blodgjennomstrøyming for å gro. Vi tilrår at ein nyttar høvet til å slutte å røyke for godt.
Pasientar med alkohol-/rusproblem er ikkje aktuelle for operasjon.
Graviditet
Grunna stort vekttap og negativ energibalanse skal fedmeopererte unngå graviditet det første året etter operasjon.
Forsking
Systematisk innsamling av kunnskap om ulike effektar av overvektskirurgi er svært viktig for å kunne tilby denne behandlingsforma, og samstundes vidareutvikle tilbodet til beste for pasientane. Alle pasientar vert difor informert om- og invitert til å delta i kvalitetsregister og ulike forskingsprosjekt. Deltaking er frivillig og krev skriftleg, informert samtykke.