Førebuing heime
Du skal ikkje spise to timar før ein kontrastundersøking. Dette er for at mage og tarm skal være best mogeleg forberedt for undersøkinga.
Du kan drikke klare væsker i moderate mengder.
Med klare væsker meiner vi:
- vatn
- saft
- juice utan fruktkjøtt
- buljongsuppe
- kaffi og te utan mjølk
- Unngå mjølkeprodukt eller produkt med kolsyre.
Det er viktig at du ikkje tømmer urinblæra den siste halvtimen før undersøkinga.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid, må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Dersom du bruker tablettar som inneheld metformin mot diabetes tar du desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.
Har du sjukdom i skjoldbrukskjertelen, opplys tilvisande lege om dette.
I nokre tilfelle, for eksempel ved spørsmål om nyrestein, er det ikkje nødvendig å drikke eller tømme urinblæra før undersøkinga. Då treng du heller ikkje avslutte ein eventuell bruk av tablettar for diabetes.
Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, gildelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet på bileta.