HELSENORGE
Radiologisk avdeling

CT av magen

CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen. 

Ventetider

Innleiing

CT-undersøking er nyttig for å: 

  • undersøke blødningar, aneurismer (utposninger på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader 
  • oppdage svulstar og andre prosesser i heile kroppen 
  • vurdere om kreftbehandling verkar 
  • avklare infeksjonar og betennelsestilstandar 
  • vurdere organskadar etter skader (traumer) 
  • vurdere tilstandar i muskel og skjelett 
  • ta vevsprøve (biopsi)  
CT-undersøkinga blir ofte gjort med tilførsel av kontrast i blodåra, for å få betre biletinformasjon. Nokre gonger må ein i tillegg drikke vatn eller kontrast før undersøkinga. 

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilvisinga må innehalde informasjon om 
 
  • kreatinin/eGFR for undersøkingar som krev kontrastmiddel. Skriv inn dato for prøvetaking. eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje nok å rekvirere kreatinin. 
  • det er akutt hjelp, eller om pasienten skal innkallast til time. Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten. 
  • hastegrad
  • pasienten er gravid
  • pasienten har behov for tolk, og kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid. 
  • pasienten sin mobilitet. 
  • tidligare reaksjoner på kontrastmiddel ved undersøkingar som krev intravenøs kontrast. 
 
Kliniske opplysningar i tilvisinga må innehalde: 
 

  • Om pasienten: Kort om det aktuelle: Årsak til at pasienten blir tilvist, symptom, tidlegare sjukdomar og risikofaktorar.  
  • Funn og fakta: Kort om viktige, aktuelle funn ved undersøkinga, aktuelle blodprøver, tidlegare radiologiske undersøkingar. 
  • Klinisk problemstilling: Tentativ diagnose, kva er mistenkt, kva ønsker du å få undersøkt. 
 
Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter. 

 

 

Før

Førebuing heime

Nokre undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking, faste, drikke eller tarmtømming. Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

Du skal ikkje spise to timar før ein kontrastundersøking. Dette er for at mage og tarm skal være best mogeleg forberedt for undersøkinga.

Du kan drikke klare væsker i moderate mengder.
Med klare væsker meiner vi:

  • vatn
  • saft
  • juice utan fruktkjøtt
  • buljongsuppe
  • kaffi og te utan mjølk
  • Unngå mjølkeprodukt eller produkt med kolsyre.

Når inntak av kontrast startar kan du ikkje drikke. Dette for å unngå utvatning av kontrasten i tarmsystemet.

CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.

Dersom du har normal nyrefunksjon og bruker tablettar som inneheld metoformin mot diabetes skal du ta desse som normalt før kontrastundersøkinga. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollerer nyrefunksjonen din to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege. 

Har du sjukdom i skjoldbrukskjertelen, opplys tilvisande lege om dette.

Førebuing på sjukehuset.

Dersom du skal ta CT av mage eller bekken må du i dei fleste tilfelle drikke vatn eller vatn tilsett kontrastvæske før undersøkinga. Du blir spurt om du har diabetes viss det er aktuelt å blande saft i vatnet med kontrasten.
Ved nokre tilfelle skal du ikkje drikke kontrast før undersøkinga. Då treng du ikkje førebu deg heime.

Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.

Under

Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra kva som skal undersøkast.  

Som regel tar undersøkinga mellom 10 - 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.  

Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri. 

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina. 

CT med intravenøs kontrastvæske 

Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid. 

Etter

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.  

Resultat av undersøkinga 

Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.  

Ver merksam

Normalt sett er det ingen risikoforhold forbundet med denne undersøkinga. CT-undersøkinga inneberer røntgenstrålar og undersøkinga skal vere tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg. 

CT med kontrast 

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Kjøp i så tilfelle reseptfri allergimedisin, evt. kontakt fastlege. 

Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.   

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Informasjon om prøvesvar

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

Fann du det du leita etter?