Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Cochleaimplantat, førstegangsoperasjon, voksne

Cochleaimplantasjon kan gi deg betre moglegheiter til å oppfatte lyd og tale dersom du ikkje har tilstrekkeleg hjelp av høyreapparat.

Før

Før operasjonen får du innkalling til førebuande undersøkingar. Den dagen blir det gjennomført samtale med øyre-nase-halslege, audiograf og sjukepleiar. Du får snakke med kirurgen som skal operere deg og eventuelt anestesilege. Det blir tatt blodprøver og nokre gonger er det behov for ekstra røntgenundersøkingar.  
 
Du bør ta med ei oppdatert liste over kva medisinar du bruker, og det er lurt å vere førebudd på ein del venting mellom undersøkingane denne dagen.  
 
Dersom du har behov for tolk, må du gi beskjed om dette på forhånd.  
 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 



Under

Sjølve operasjonen skjer i narkose. Den varer om lag to timar. Det blir barbert bort noko hår bak det øyret som skal bli operert. 

Under operasjonen blir mottakaren og leidningen med elektrodar operert på plass. Dette blir utført via eit snitt i huda bak øyret, og det blir bora i beinet bak øyret for å få plassert leidningen inn i sniglehuset. Etter operasjonen blir huda sydd igjen. Då er det ingen opne sår eller leidningar som går gjennom huda. Likevel er det mogleg å kjenne ei lita forhøgning der mottakaren er plassert bak øyret. 

I løpet av inngrepet blir det kontrollert at implantatet fungerer, og at det er rett plassert i det indre øyret, før ein avsluttar operasjonen.  

Etter

Når du vaknar frå narkosen, kjem du først til ei oppvakningsavdeling, og i løpet av nokre timar kjem du tilbake på sengeposten.  Dei fleste blir liggande inne til neste dag etter operasjon. 
Etter operasjonen har du på ein bandasje over operasjonssåret. 

Det plar ikkje vere spesielt mykje smerter etter operasjonen. Det er greitt å bruke Paracet dersom du føler behov for det, dei første dagane.  

Du må unngå å blåse nasen, tunge løft og anstrenging dei første vekene etter operasjonen. 

Sjølv om biverknader er sjeldne, bør ein vite om:  

  • Forbigåande svimmelheit er relativt vanleg. Svimmelheit som varer lenger, kan også førekomme, men det er sjeldan. 
  • Dei fleste som blir plaga av tinnitus, opplever at CI gir dei lyd som maskerer tinnitus. Nokre kan oppleve forverring, men det er uvanleg.  
  • Tekniske feil kan førekomme, til tross for nøyaktig kvalitetskontroll. Det kan medføre at implantatet må bli skifta ut.  
  • Implantatet kan fungere i 25–30 år eller lenger. Men i løpet av eit livsløp må ein rekne med at det må bli skifta ut.  
  • Ansiktsnerven passerer i operasjonsområdet, og skade på denne kan gi forbigåande eller permanent (svært uvanleg) ansiktslamming. 
  • I sjeldne tilfelle kan CI-stimuleringa også medføre stimulering av ansiktsnerven og gi ansiktsrykkingar.  
  • Smaksforstyrringar på tunga kan førekomme, men er oftast forbigåande og sjeldan problematisk på lengre sikt.  
  • Infeksjon i sårområdet kan førekomme, og i sjeldne tilfelle gjere at implantatet blir støytt ut. Dersom dette skjer, kan ein som regel sette inn eit nytt seinare.  
  • Det finst ein svært liten, men likevel auka risiko for hjernehinnebetennelse etter CI-operasjonen. Dette er fordi ein opnar det indre øyret. Derfor er vaksinasjon mot dei vanlegaste bakteriane (pneumokokkar) som gir øyrebetennelse, eit krav for barn og anbefalt til vaksne. Vaksinasjonen har inngått i vaksinasjonsprogrammet for barn sidan 2008.  
  • MR-undersøking er oftast mogleg, men er avhengig av type implantat. Implantata inneheld ein magnet som kan bli påverka av MR-maskinen. Det er svært nøye reglar når det gjed dei ulike implantata. Du må derfor alltid opplyse om at du har CI før MR-undersøking. 
  • Ein må alltid oppgi at ein har CI i forbindelse med annan kirurgi, ettersom noko medisinsk utstyr (for eksempel diatermi) kan påverke og øydelegge CI.  
  • Ein kan ikkje rekne med å kunne gå tilbake til høyreapparat i eit CI-operert øyre fordi høyrselsresten i dei fleste tilfelle forsvinn.  

Ver merksam

Etter operasjonen:  

  • Dersom du opplever teikn til aukande svimmelheit, kvalme, smerte eller sekresjon frå det opererte øyret eller aukande hovudverk, må du ta kontakt med avdelinga. 
  • Unngå å klø i operasjonssåret etter operasjonen.   

På lengre sikt: 

  • Du får eit ID-kort med informasjon om at du har fått cochleaimplantat, og det er viktig at du alltid har dette med deg.  
  • Informer om at du har cochleaimplantat ved sikkerheitskontrollar og ta med ID-kortet.  
  • Du må informere om at du har cochleaimplantat dersom det er nødvendig med operasjon eller MR-undersøking.  
  • Unngå kampsport og slag. 
  • Ta kontakt med avdelinga dersom du får hudproblem i området. 

Kontakt

Sentralblokka Høyresentralen

Kontakt Høyresentralen

Oppmøtestad

Du møter opp på øre nese hals sengepost i 5. etg. i Sentralblokken på Haukeland Sykehus,
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.