Brudd i håndledd, operasjon med utvendig ramme

Distal radiusfraktur, ekstern fiksasjon
Ortopedisk avdeling Haukeland

Handleddsbrot er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med utvendig ramme blir det først lagt på ein midlertidig gips, og deretter utfører ein operasjonen. Du blir følgd opp med kontrollar etter 2 og 6 veker. Det tar omtrent 6 veker for brotet å gro.

Innleiing

De fleste håndleddsbrudd kan og bør behandles med gips. Likevel er det en del brudd som er så feilstilt at operasjon kan bli vurdert som den beste behandlingen.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Dersom operasjon blir valt, vil ein først alltid leggje på ein gips. Operasjonen vil deretter bli utført i løpet av 1-2 veker. Ofte kan ein vere heime i ventetida, og så møter du på sjukehuset til avtalt tid for operasjon.

Det er viktig at du beveger fingrane heile tida etter at du har fått gips. Dei første dagane etter brotet bør du også halde armen høgt, slik at handa ikkje blir for hoven.

Førebuingar til operasjon

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar etter kl. 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker som vatn og saft, men ikkje noko anna, fram til 2 timar før oppmøtetidspunkt på operasjonsdagen.

2. Under

Operasjon

Brotet blir operert ved at ein monterer ei ramme utanpå armen som blir festa til knoklar i underarmen og handa. Denne ramma held brotet i ro i korrekt stilling medan det gror.

Sjølve operasjonen tar om lag 30 minutt, men dette kan variere. Brotet er vanlegvis grodd etter 6 veker.

Det er svært viktig at ein kjem seg raskt i gong med bevegelse av fingrane. Dette bør startast så snart som mogleg etter operasjonen.

Fysioterapeut vil instruere deg og hjelpe deg i gang, men eigeninnsats og motivasjon er viktig. Dersom ein kjem raskt i gang med bevegelse i fingrar og hand, er faren for komplikasjonar som hevelse og tilstiving mykje mindre.

Du vil få smertestillande medikamentar slik at dette skal la seg gjere.

3. Etter

Opptreningstida etter operasjonen vil variere med kompleksiteten i brotet.

Sårstell

  • Bandasjane skiftast ein gong i veka eller dersom bandasjane er fuktige.
  • Ved siving, vask alle pinnane og såra med reint vatn.
  • Når sivinga stoppar kan ein kutte ut bandasje. Du treng ikkje å fjerne skorper.
  • Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.

Hygiene

Du kan dusje utan å dekkje til. Skyll godt med reint vatn slik at det ikkje blir liggjande såpe i såra. Tørk godt med reint handklede. Hugs å alltid skifte til tørr bandasje etter dusjing.

Kontroll

Du vil bli kalla inn til ein poliklinisk kontroll med røntgen etter ca. 2 veker. Her sjekkar vi at brotet framleis står i korrekt stilling, fjernar sting og inspiserer operasjonssåra. I nokre tilfelle vil det vere nødvendig å stramme ramma.

Dersom alt ser fint ut, vil du bli kalt inn til ny kontroll etter ytterlegare 4 veker. Då blir det tatt røntgen og ramma vil bli fjerna. Vi anbefaler at du tar to Paracet (til saman 1 gram) ein time før konsultasjonen. Du treng ikkje å få bedøving i samband med fjerninga. To veker etter fjerninga blir du kalt inn til kontroll hos fysioterapeut som vil hjelpe deg med øvingar.

Aktivitet / belasting

Brotet treng om lag 6 veker på å gro. Derfor skal du ikkje løfte noko tungt dei første 6 vekene, men du kan bruke handa til lette ting som å løfte ein kopp og bruke bestikk. Deretter kan du vanlegvis starte med gradvis belasting med mindre noko anna er avtalt.

Smerter

Nokon har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og ein kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.

Sjukemelding

Kor lenge du treng sjukemelding er avhengig av yrket ditt. I manuelle yrke som stiller krav til tunge løft, må du rekne med 6 vekers sjukemelding. I andre yrke der ein ikkje må løfte tungt, for eksempel kontorarbeid, kan det vere nok med nokre dagar.

Øvingar etter brot i handledd og behandling med utvendig ramme

Les meir om Brudd i håndledd, øvelser etter behandling

Brudd i håndledd, øvelser etter behandling

Dette øvingsprogrammet er utarbeidd for deg som er operert med innvendig plate etter handleddsbrot (volar plate på distal radiusfraktur), men kan også brukast ved andre handskadar.

Andre handskadar der øvingsprogrammet kan vere aktuelt:

  • Handleddsbrot behandla med gips eller utvendig ramme, når gipsen eller ramma er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet under. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og legge vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
  • Underarmsbrot operert med innvendig plate og skruar på begge underarmsbeina. Dette øvingsprogrammet passar frå første dag etter operasjonen.
  • Underarmsbrot behandla med gips, når gipsen er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som visast i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
  1. Før

    Øvingsprogrammet er rettleiande. Du vel sjølv dei øvingane som du kjenner gjer mest nytte for deg. Det viktigaste er at du tar handa i bruk i daglege aktivitetar.

    Øvingane passar frå første dag etter operasjonen. For personane på illustrasjonsbilda i dette øvingssesprogrammet har det gått 2-3 veker etter operasjon med innvendig plate.

    Alle foto: Haukeland universitetssjukehus

  2. Under

    Restriksjon første 6 veker

    Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt dei første 6 vekene. Du kan støtte eller bere med olbogen.

     

    Dersom du bruker ganghjelpemiddel, må du bytte til ein type der du støttar på olbogen, for eksempel underarmsrullator eller underarmskrykkje.

    Daglege aktivitetar

    Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg, knyte skolisser, skjere brød, skrive på tastatur eller strikke.

    Beveg olbogen og skuldra

    Beveg olbogen og skuldra normalt for at desse uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:

    Beveg fingrane

    Når du vekselsvis knyter handa og sprikar fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpen. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og då skaper du ein god sirkel.

    Derfor er det svært viktig å komme i gang med å bevege fingrane allereie første dagen etter operasjonen, eller så langt ramma tillét det om du er operert med utvendig ramme.

    Strekk alle fingrane samtidig:

    Hjelp med frisk hand for å sprike med fingrane på den opererte handa: 

    Få med tommelen når du spriker med fingrane, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme: 

    Plassér ein flasketut mellom to fingrar og skyv handa fram mot tuten. Slik får fingrane hjelp til å sprike. Bytt flaska si plassering, så alle fingrane får hjelp til å sprike etter tur:

    Knyt handa. Prøv å få fingertuppane heilt inn i handflata, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme:

    Hjelp den skadde handa med den friske for å få fingrane heilt inn i handflata:  

    For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangialleddene). Hald tommelen på den friske handa inni den skadde, og hjelp med den friske handa for bøye i dei store knokane:

    Grip rundt ein flasketut, og prøv å bøye fingrane heilt rundt den:

    Bevég tommelen ein og ein fingertupp etter tur:

    Hald handa høgt

    Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet og operasjonen. Hald handa over hjartehøgde for å best mogleg få ned hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggjen på nabostolen si ryggstøtte, på ein pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.

    Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelommen. Strekk og knyt handa vekselsvis inne i lomma sidan fingerbevegelse er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.  

    Beveg det opererte handleddet

    Du skal begynne å bevege handleddet i alle retningar så snart gipsen er tatt av eller ramma er fjerna. Det er normalt at det er stivt og ømt i blautvevet etter gips / ramma er fjerna. Du skal ikkje tvinge fram bevegelse med makt. Handbevegelsar i ei frisk hand kjennast lette, og heller ikkje i ei operert hand treng du å anstrenge musklane hardt.

    Evna til å bevege handa fritt skal gradvis komme tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglegdagse aktivitetar. Det er normalt at det er ømt i ytterstillingane den første tida.

    Her er eit større øvingsrepertoar. Vel dei øvingane du kjenner er mest nyttige for deg:

    Bruk frisk hand som modell, og beveg gjerne begge hendene samtidig.

    Stryk handa på låret ditt:

    Stryk handa bak på leggen din:

    Stryk handa på forsida av leggen din:

    Grip rundt kneet:

    Stryk handa på motsett overarm. Stryk over både det eine og det andre kinnet. Stryk alle stader på din eigen kropp der det er naturleg å bevege armen:

    Snu handflata opp - rotér underarmen:

    Hjelp med frisk hand for å snu den opererte:

    Beveg handleddet framover og bakover. Bevegelsen er lettare å få til om du held rundt ei halvlitersflaske, som du rullar på bordet:

    Fold hendene og bruk frisk hand til å hjelpe operert handledd den vegen det er stivast:

    Kvil underarmen på bordet eller låret, og plassér handa utanfor bordkanten. Løft og senk halvlitersflaska med handleddet. Gjer same øving både med handflata ned og med handflata opp (begge posisjonane av underarmsrotasjon):

    Rotér underarmen, slik at du vekselvis får handflata opp og ned:

    Held rundt tuten på ei halvlitersflaske. Flaskas lette vekt hjelper deg litt i bevegelsen, og i tillegg er det lettare for deg å se bevegelsesutslaget:   

    Snu handflata ned (rotér underarmen):

    Poliklinisk kontroll hos fysioterapeut

    Du blir kalla inn til ein 2-vekerskontroll hos fysioterapeut. Om du ikkje kjem i gang med å bevege handa, kan du bli oppfordra til å kontakte ein fysioterapeut i nærleiken av der du bor. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med å bevege både fingerledd og handledd:

  3. Etter

    Etter  behandlinga vil det vere ulike restriksjonar / oppfølging avhengig av kva slags behandling du har vore gjennom.

Gå til Brudd i håndledd, øvelser etter behandling

Avdeling
Fysioterapiavdelinga
Stad
Sentralblokka
Oppmøte

Ved operasjon - Ortopedisk avdeling i 7. etasje i Sentralblokka.Ved kontroll - Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka.

For medisinske spørsmål - ring 55 97 71 87 (mandag-fredag, kl. 09.00-15.00)

Restriksjon etter rammefjerning

Handleddsbrot som er operert med utvendig ramme (distal radiusfraktur, operert med ekstern fiksasjon) gror vanlegvis i løpet av 6 veker. Etter ramma er fjerna, er det viktig at du normaliserer aktivitetar og bevegelsesmønsteret ditt så raskt som mogleg. Tungt, fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.

Ver merksam

Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:

  • Raudfarge
  • Aukande smerte og / eller hevelse
  • Puss, gul eller grøn væske frå såret
  • Feber
  • Sjukdomskjensle

Kontakt

Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøte

Ved operasjon - Ortopedisk avdeling i 7. etasje i Sentralblokka.
Ved kontroll - Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka.

For medisinske spørsmål - ring 55 97 71 87 (mandag-fredag, kl. 09.00-15.00)

Telefon
Ekspedisjon 55975670 | Poliklinikken 55972837 | Sengepostane: Vest - Traumatologi 55973757 | Aust - Rygg og sarcom 55973760 | Syd - Protese og hoftebrot 55973750 | Ortopedisk infeksjonspost 55975520 | Ganglaboratoriet 55977070
E-post
Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22(Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.