Behandling, Distal radiusfraktur, volar plate
Handleddsbrot, operasjon med innvendig plate
Handleddsbrot er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med innvendig plate blir det først lagt på ein midlertidig gips, og deretter utfører ein operasjonen. Det tar cirka seks veker for brotet å gro.Dei fleste handleddsbrota kan og bør behandlast med gips. Det er likevel ein del brot som er så feilstilte eller kompliserte at operasjon blir sett på som den beste behandlinga.
Før
Ved val av operasjon vil ein alltid først leggje på ein gips.
Operasjonen vil som regel bli utført i løpet av 1-2 veker. I ventetida kan du ofte vere heime, og så møter du på sjukehuset til avtalt tid.
Det er viktig at du beveger fingrane heile tida etter at du har fått gips. Dei første dagane etter brotet bør du også halde armen høgt, slik at handa ikkje blir for hoven.
Førebuing til operasjon
Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar etter klokka 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker som vatn eller saft (men ikkje noko anna) fram til 1 time før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.
Under
Operasjon
Brotet blir operert ved at ein set inn ei plate som blir festa til beinet med skruar. Desse vil halde brotet i korrekt stilling inntil det har grodd. Sjølve operasjonen tar om lag ein time, men det kan variere.Like etter operasjonen blir det lagt på ein midlertidig gips. Denne tar ein vanlegvis av neste dag.
Det er svært viktig at du kjem raskt i gang med bevegelse av fingrane. Dette bør du starte med så snart som mogleg etter operasjonen.
Fysioterapeut vil instruere deg og hjelpe deg i gang, men eigen innsats og motivasjon er viktig. Dersom du kjem raskt i gang med bevegelse i fingrane og handa, er faren for komplikasjonar som hevelse og tilstiving mykje mindre.
Du vil få smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.
Etter
Brotet er som regel grodd etter 6 veker. Opptreningstida vil variere med kompleksiteten i brotet.
Informasjon fra fysioterapeut
Ver merksam
Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:
- Raudfarge
- Aukande smerte og / eller hevelse
- Puss, gul eller grøn væske frå såret
- Feber
- Sjukdomskjensle