Brudd i håndledd, behandling med gips

Distal radiusfraktur, konservativ behandling
Ortopedisk avdeling Haukeland

Handleddsbrot er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ved eller i handleddet. Brotet må som oftast setjast på plass i riktig stilling før gipsing. Gipsbehandlinga varar vanlegvis i 4-6 veker.

Innleiing

Dei fleste handleddsbrot kan og bør behandlast med gips.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Handleddsbrot er ein akutt skade og blir vanlegvis behandla med gips same dag. Gipsbehandlinga skjer som oftast på legevakt, men nokre gonger også i akuttmottak på sjukehus.

2. Under

Handleddsbrot må ofte setjast på plass før gipsen kan leggjast på. I slike tilfelle gir ein lokalbedøving før brotet setjast på plass.

Gipsen blir lagt slik at brotet skal gro i best mogleg stilling.

Gipsen må ikkje dekkjast av klær, dyne eller liknande første døgnet etter den er lagt på, dette fordi gipsen treng luft for å tørke heilt.

3. Etter

Etter 10-12 dagar blir brotet kontrollert med eit røntgenbilde.

Medan gipsen er på er det viktig å:

  • Halde handa høgt. Dette gjeld særleg dei første 1-2 vekene, og dersom fingrane har tendens til å hovne opp.
  • Stadig bevege fingrane, det vil seie knyte og strekkje handa fullstendig.
  • Trene bøy og strekk i olbogeleddet og løfte heile armen høgt over hovudet slik at ikkje skuldaren ikkje stivnar.
  • Dekkje gipsen med ein tett plastpose som teipast til huda når du dusjar. Kalkgips blir øydelagt i vatn. Kunstgipsen toler vatn, men huda under gipsen kan ta skade av fuktigheita. Du får kjøpt eigna dusjposer på apoteket.

Armen skal ikkje leggjast i fatle. Etter kvart kan armen brukast til lettare gjeremål.

Informasjon frå fysioterapeut

Restriksjon første 4 veker

  • Unngå brå belastning på handa, som til dømes fall, slag og støyt.
  • Unngå å vri underarmen inne i gipsen.
  • Dersom du bruker ganghjelpemiddel, kan du støyte deg med handa så lenge det skjer roleg og kontrollert, og ikkje provoserar smerte. Smertegrense er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere. Du kan fritt støtte eller bere med olbogen.

Daglege aktivitetar

Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg eller smøre ei brødskive så langt det går.

Beveg olbogen og skuldaren

Beveg skuldaren og olbogen normalt for at ledda som ikkje er skada skal stivne til. Strekk armen opp mot taket, over på motsett skulder og bak på ryggen. Strekk armane ut og bakover medan du trekker pusten godt inn.

Gruppe gjør armøvelser. Foto

Beveg fingrane

Når du vekselvis knyter handa og sprikar med fingrane, aktiverer du venemuskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned blir det lettare å bevege, og då skapar du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å kome raskt i gang med å bevege fingrane so mykje som gipsen tillet.

  • Strekk alle fingrane samstundes.
  • Sprik med fingrane.
  • Få med tommelen når du sprikar med fingrane
  • Knyt handa. Prøv å få fingartuppane heilt inn i handflata.
  • Hjelp den skada handa med den friske for å fingartuppane heilt inn i handflata.
  • For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangialledda). Hald tommelen på den friske handa inni den skada handa, og hjelp til med frisk hand for å bøye i dei store knokane.
  • Beveg tommelen mot ein og ein fingertupp etter tur.

Hald handa høgt

Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet. Hald handa over hjartehøgde for mest mogleg effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, på nabostolens ryggstøtte, på ei pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.

Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knyt handa vekselvis inne i lomma, sidan fingerbevegelse er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.

Kvinne hviler arm på stolrygg. Foto

Etter gipsfjerning om 4 (-6 veker) - beveg handleddet

Gipsen blir vanlegvis fjerna etter 4 veker. Så snart gipsen er tatt av, skal du begynne å bevege handleddet i alle retningar. Det er normalt at det er stivt og ømt i blautvevet etter at gipsen er fjerna. Evna til å bevege handa fritt skal gradvis kome tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglege aktivitetar. Det er normalt at det er ømt i ytterstillingane den første tida.

Her er eit større øvingsrepertoar. Handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på ho for å tøye handleddet bakover. Vel dei øvingane som du kjenner er mest nyttige for deg:

Les meir om Brudd i håndledd, øvelser etter behandling

Brudd i håndledd, øvelser etter behandling

Dette øvingsprogrammet er utarbeidd for deg som er operert med innvendig plate etter handleddsbrot (volar plate på distal radiusfraktur), men kan også brukast ved andre handskadar. Øvingane passar frå første dag etter operasjonen. For personane på illustrasjonsbilda i øvingsprogrammet har det gått 2-3 veker etter operasjon med innvendig plate.

Andre handskadar der øvingsprogrammet kan vere aktuelt:

  • Handleddsbrot behandla med gips eller utvendig ramme, når gipsen eller ramma er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og legge vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
  • Underarmsbrot (antebrachifraktur) operert med innvendig plate og skruar på begge underarmsbeina. Dette øvingsprogrammet passar frå første dag etter operasjonen.
  • Underarmsbrot (antebrachifraktur) behandla med gips, når gipsen er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som visast i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.

Øvingsprogrammet er rettleiande. Du vel sjølv dei øvingane som du kjenner er mest nyttige for deg. Det viktigaste er at du tar i bruk handa i daglege aktivitetar.

  1. Før

  2. Under

    Beveg olbogen og skuldra

    Beveg olbogen og skuldra normalt for at desse uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:

    Beveg fingrane

    Når du vekselsvis knyter handa og sprikar fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpen. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og då skaper du ein god sirkel.

    Strekk alle fingrane samtidig:

    Hjelp med frisk hand for å sprike med fingrane på den opererte handa: 

    Få med tommelen når du spriker med fingrane, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme: 

    Plassér ein flasketut mellom to fingrar og skyv handa fram mot tuten. Slik får fingrane hjelp til å sprike. Bytt flaska si plassering, så alle fingrane får hjelp til å sprike etter tur:

    Knyt handa. Prøv å få fingertuppane heilt inn i handflata, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme:

    Hjelp den skadde handa med den friske for å få fingrane heilt inn i handflata:  

    For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangialleddene). Hald tommelen på den friske handa inni den skadde, og hjelp med den friske handa for bøye i dei store knokane:

    Grip rundt ein flasketut, og prøv å bøye fingrane heilt rundt den:

    Bevég tommelen ein og ein fingertupp etter tur:

    Beveg det opererte handleddet

    Bruk frisk hand som modell, og beveg gjerne begge hendene samtidig.

    Stryk handa på låret ditt:

    Stryk handa bak på leggen din:

    Stryk handa på forsida av leggen din:

    Grip rundt kneet:

    Stryk handa på motsett overarm. Stryk over både det eine og det andre kinnet. Stryk alle stader på din eigen kropp der det er naturleg å bevege armen:

    Snu handflata opp - rotér underarmen:

    Hjelp med frisk hand for å snu den opererte:

    Beveg handleddet framover og bakover. Bevegelsen er lettare å få til om du held rundt ei halvlitersflaske, som du rullar på bordet:

    Fold hendene og bruk frisk hand til å hjelpe operert handledd den vegen det er stivast:

    Kvil underarmen på bordet eller låret, og plassér handa utanfor bordkanten. Løft og senk halvlitersflaska med handleddet. Gjer same øving både med handflata ned og med handflata opp (begge posisjonane av underarmsrotasjon):

    Rotér underarmen, slik at du vekselvis får handflata opp og ned. Hald rundt tuten på ei halvlitersflaske. Flaskas lette vekt hjelper deg litt i bevegelsen, og i tillegg er det lettare for deg å se bevegelsesutslaget:   

  3. Etter

Gå til Brudd i håndledd, øvelser etter behandling

Avdeling
Fysioterapiavdelinga
Stad
Sentralblokka
Oppmøte

Ved operasjon - Ortopedisk avdeling i 7. etasje i Sentralblokka.Ved kontroll - Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka.

For medisinske spørsmål - ring 55 97 71 87 (mandag-fredag, kl. 09.00-15.00)

Restriksjon etter gipsfjerning

Handleddsbrot som er gipsa (distal radiusfraktur, konservativt behandla) gror vanlegvis i løpet av 4 veker. Etter gipsen er fjerna, er det viktig at du normaliserer aktivitetar og bevegelsesmønsteret ditt så raskt som mogleg.

Dei første 4 vekene etter gipsen er tatt av, er det viktig å unngå fall, slag og støyt mot handleddet. Ver forsiktig på glatt føre og med risikoaktivitetar som ballidrett, kontaktidrett, trampoline, ski og anna der det er lett for å fall og ta seg for med henda.

Det er lettare å slå opp igjen brotet den første tida. Risikoen er gradvis avtakande over dei første månadene. Tungt, fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er som oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.

Ver merksam

Dersom du opplever auka hevelse i fingrane og auka smerte, kan dette vere teikn på for stram gips. Om det ikkje hjelper å bevege fingrane og å heve armen, bør du straks ta kontakt med lege. Dersom du er i tvil, ring lege for råd.

Ikkje køyr bil med redusert køyreevne.

Kontakt

Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøte

Skadepoliklinikken (Bergen legevakt) i Solheimsgaten 9 ved Danmarksplass.
Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Telefon
Ekspedisjon 55975670 | Poliklinikken 55972837 | Sengepostane: Vest - Traumatologi 55973757 | Aust - Rygg og sarcom 55973760 | Syd - Protese og hoftebrot 55973750 | Ortopedisk infeksjonspost 55975520 | Ganglaboratoriet 55977070
E-post
Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22(Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Flybussen mellom Flesland og Haukeland Universitetssjukehus er innstilt i jul og romjul (kjører til og med 21.des).
Oppstart etter nyttår blir 2.januar 2019.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.