Arteriell blodgass er ei blodprøve blir brukt til å vurdere lungefunksjonen og balansen mellom oksygen og kulldioksid i blodet. Blodprøver blir vanlegvis tatt frå ei vene. Denne typen blodprøve er litt spesiell fordi vi må ta blod fra ei arterie (pulsåre). Oftast tek vi blodprøva frå pulsåra som ligg i handleddet.
Blodprøve av arteriell blodgass treng inga førebuing.
Legen vil først kjenner med to fingrar på undersida av handleddet ditt for å finne pulsslaga dine. Nåla stikkas i pulsåra og sprøyta fyllast med blod. Etterpå fjernar vi nåla og du får eit kompressjonsplaster på stikkstaden.
I enkelte tilfelle kan det ta litt tid før det sluttar å blø. Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar. Da vil lege/sjukepleiar halde ein kompresjon over stikkstaden til blødinga stoppar.