Oppfølginga på sjukehuset skjer over 8 veker med polikliniske kontrollar. Til
saman reknar ein omtrent 6 månader rehabiliteringstid etter skaden. 1 år etter skaden vert du innkalla til ein avsluttande kontroll.
Hygiene
Etter 4 veker kan du dusje utan ortose. Ta av deg ortosen når du sit på ein stol eller krakk, dusj i sittande stilling og tørk deretter foten godt. Ta på ortosen igjen før du reiser deg.
For god hygiene kan det vere lurt å ha på ein tynn strømpe/lang sokk som du kan ha på inne i ortosen.
Øvingar etter avriving av akillessena
NB! Ver merksam på at du aldri skal tøye på sena!
Etter 4 veker
- Press-øvingar inne i ortosen. Press forfoten nedover mot sålen.
- Lette rørsleøvingar for ankelleddet, utan ortose på. Sit på ein stol med bøy i kneet. Bøy og strekk forsiktig i ankelleddet, utan at du pressar deg. Du skal ikkje oppleve smerte. Ta på igjen ortosen før du reiser deg opp.

- Sykle korte økter (10-20 min) på ergometersykkel med ortosen på.
Etter 6 veker
- Sittande tåhev (Presset skal vere på forfoten, og ikkje kun på tærne).

- Sykle på ergometersykkel med ortosen på.
- Fortsette med ankeløvingar sittande med bøy i kneet
Etter 8 veker
Det vert anbefalt å bruke gode joggesko, med stiv hælkappe og gjerne litt høgde på hælen. Vidare kan det vere gunstig å fortsette med krykker til gangmønsteret er normalisert. I den første fasen bør du jobbe med:
- Gangteknikk og normalisering av gangmønster, trene med og uten krykker
- Tobeins tåhev

- Ettbeins balanse med oppbygg under hæl, gradvis redusere oppbygget

- Sykling med gradvis aukande belastning
Etter 12 veker
Frå veke 12 kan ein auke belastninga, men treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabiliteringa. Eksempel på øvingar kan vere:
- Forsøke tåhev på eitt bein

- Tåhev i beinpressapparat
- Ståande tåhev med vekter
- Gå opp og ned trappa på tå, med halve foten på trappetrinnet
Etter 18 veker
Når du meistrer rask gange utan halting kan du gradvis starte med rolig jogging. Vidare
progresjon i øvingar kan vere:
- Gå på tå
- Raske tåhev, fleire gonger etter kvarandre
- To-beins hopp på tå
Når du skal tilbake til idrett
Dette blir avgjort ut ifrå funksjon og type idrett, saman med din fysioterapeut. Dei første 6 månadane etter skada skal du unngå hopp, løp, ta sats og hurtige vendingar. Etter 6 månader kan du jobbe idrettsspesifikt om du skal tilbake til idrett.
Eksempel på øvingar
- Jogging
- Spenstøvingar
- Maksimal styrketrening
- Tåhev med strakt og med bøyd kne
Informasjon til fysioterapeutar
Pasienten har hatt ein akillesseneruptur og er blitt behandla med gips og walkerortose i tilsaman 8 veker. Ortosen er no seponert og pasienten har behov for vidare opptrening. Dei første 2 månadane etter seponering av ortosen er risikoen for reruptur størst.
Det er veldig viktig at sena ikkje vert tøyd. Dette gjeld og utgangsstillingar som stille krav til rørsle i ankelleddet (t.d. knebøy, utfall). Rehabiliteringa bør ha fokus på normalisering av gangmønster. Pasienten skal trene styrketrening, balanse på fast underlag og stabilitet.
Pasienten treng hjelp med å finne rett progresjon i treninga. Treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabilitering.