Undervising - education and training

Undervisningsmateriell produsert av NSSM

I 1996 vart det under prosjektet "Senter for sjøfartsmedisin" produsert ein CD med tittelen "Førstehjelp om bord" med multimediapresentasjonar av ein rekkje førstehjelpsprosedyrar som kan utførast om bord. 

​​CD-en vart teken i gjengs bruk og er framleis i bruk om bord i skip og i maritime skular. Den vart også gjeven ut i engelsk utgåve. Denne CD-en er no avløyst av ein ny DVD (sjå nedanfor) og kan ikkje leverast meir.​​

I 1996 vart det under prosjektet "Senter for sjøfartsmedisin" produsert ein CD med tittelen "Førstehjelp om bord" med multimediapresentasjonar av ein rekkje førstehjelpsprosedyrar som kan utførast om bord. CD-en vart teken i gjengs bruk og er framleis i bruk om bord i skip og i maritime skular. Den vart også gjeven ut i engelsk utgåve. Denne CD-en er no avløyst av ein ny DVD (sjå nedanfor) og kan ikkje leverast meir.

I februar 2005 kom den norske utgåva av boka "Medisin om bord" redigert av Aksel Schreiner og Leif Aanderud. Målgruppa for boka er norske skip i handelsflåten, større fiskebåtar og i dei maritime skulane. ISBN 978-82-450-0194-5 "Medisin om bord", Fagbokforlaget 2005
  
Boka kom i engelsk utgåve i 2008. ISBN 978-82-450-0708-4 "Medicine on board", Fagbokforlaget 2008
  
I 2007 kom multimedia-DVD-en "Førstehjelp om bord". Den inneheld dei samme prosedyrane som CD-en frå 1996, og er sterkt utvida i høve til CD-versjonen. Den har langt betre kvalitet enn CD-en frå 1996. Kommentarer vert gitt på norsk, engelsk og tysk.
  
Våren 2010 er Textbook of Maritime Me​dicine på plass på internett. Dette er ei "bok" som vert publisert på internett. Den er internasjonal, skriven på engelsk, med forfattarar frå heile verda. Bruk av boka er gratis for alle som registrerer seg på nettstaden. Det er også eit nettsamfunn kopla til boka, og ein kan kommentera artiklane. Dette er den første omfattande læreboka i maritim medisin i verda. Tidlegare bøker har konsentrert seg i stor grad om rein skipsmedisin, men i denne boka vert også andre aspekt av maritim medisin omtalt. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.