One Ocean Expedition

One Ocean Expedition er eit maritimt forskings- og formidlingsprosjekt i regi av stiftelsen Statsraad Lehmkuhl. Formålet med prosjektet er å fremje berekraftig utvikling av hav og havnæring, i tråd med FN sine berekraftsmål. 

Seilskip på havet. Foto
Foto: One Ocean Expedition
One Ocean Expedition​ inkluderer ei jordomsegling med seglskipet Statsraad Lehmkuhl i samarbeid med private og offentlege aktørar i bergensområdet innan forsking, utdanning og næringsliv. Helse Bergen deltek i prosjektet med skipslegar, gjennom telemedisinsk assistanse undervegs og gjennom formidling av kunnskap som set fokus på helsa til sjøfolk. 

​Jordomseglinga vil starte i Arendal i august og strekke seg over ein periode på 19 månader. Distansen er utrekna til 55 000 nautiske mil og skipet vil besøke totalt 36 hamner. Prosjektet vert støtta av UNESCO sitt Intergovernmental Oceanographic Commission (IOC) og Utanriksdepartementet- Prosjektet er ein offisiell partnar i FN-tiåret for berekraftig utvikling av havet. 

​Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen med formål om å fremje helsa til sjøfolk, fiskarar, dykkarar, offshorearbeidarar mv. 

Senteret har 16 tilsette og driv mellom annaundervising, rådgjeving, regelverksarbeid, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremidlar, seleksjonsmedisinske utgreiingar (dykkarar og sjøfolk) og driftar den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. 

Helse Bergen er sjøfolka sitt helseføretak. Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet – i vest og til sjøs. 

Senteret jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og har prosjektsamarbeid med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.
 
Helse bygger på kunnskap, både forsking og formidling, og derfor deltar Helse Bergen i prosjekt One Ocean Expedition

Les meir: ​Er du lege i Helse Bergen og drøymer om eit lite eventyr til sjøs?​
NB - Intranett. Kun tilgjengeleg for tilsette i Helse Bergen

 
Fann du det du leita etter?