Tilvising

Arbeidsområdet for SKS er utgreiing og behandling av overfølsemdreaksjonar som ikkje let seg handtere tilfredsstillande på andre nivå i helsetenesta.

Overfølsemd er objektive og reproduserbare symptom og sjukdomsteikn som opptrer ved eksponeringar for miljøfaktorar i doser som dei fleste toler. Det er mange sjukdomsmekanismar, både immunologiske (allergi) og ikkje-immunologiske.

OBS! Tilvisinga  skal alltid først angi tentativ diagnose og problemstillinga ein ønsker å greie ut. «Allergi» som diagnose / problemstilling er ikkje tilstrekkeleg.

Aktuell sjukdomshistorie generelt

  • Kva for symptom får pasienten ved eksponering?
  • Kor lenge varer symptoma?
  • Kva er tidsrelasjonen mellom mogleg / mistenkt eksponering og utløysing av symptom?
  • Kva for agens er mistenkt som moglege allergen?
  • Ved ny eksponering, er det alltid same reaksjon?

Ved anafylaksi

  • Blei pasienten påverka sirkulatorisk?
  • Kva funn blei gjort i akuttfasen (BT, puls)?
  • Fekk pasienten pusteproblem?
  • Blei pasienten behandla med adrenalin?
  • Andre systemiske symptom / funn (mage-tarm symptom, utslett eller anna)?

Ved legemiddelallergi

  • Kva for medikament?
  • Kva for symptom fekk pasienten på dei einskilde medikamenta?

Ved matallergi / intoleranse

  • Berre etter måltid?
  • Kor lenge etter inntak utløysast symptom?
  • Kva for matvarer er mistenkt?
  • Alltid symptom ved inntak av mistenkt matvare?

Ved utgreiing for allergivaksinasjon

  • Kva anna behandling har blitt prøvt? 

 

Tidlegare sjuk​dommar

Tidlegare allergitestar med resultat. Andre undersøkingar som er gjort av pasienten​


Kontaktinformasjon

Ved spørsmål om tilvisingar til Yrkesmedisinsk avdeling - 
ring 55 97 38 75 

For legar ved spørsmål om tilvisingar til Seksjon for klinisk spesialallergologi - 
ring 55 97 39 03​