Ved Seksjon for klinisk spesialallergologi (SKS) driv vi med utgreiing og behandling av reaksjonar og overfølsemd som ikkje lar seg handtere tilfredsstillande på andre nivå i helsetenesta.
Overfølsemd er objektive og reproduserbare symptom og sjukdomsteikn som opptrer når ein er utset for ulike miljøfaktorar i dosar som dei fleste toler.
Utgreiing - alvorleg allergisk reaksjon (anafylaksi)
Anafylaksi er ein potensielt livstrugande allergisk reaksjon som involverer fleire organsystem i kroppen, blodtrykksfall og pusteproblem. Dei vanlegaste årsakene er:
- Medikament (antibiotika mest vanleg)
- Matvarar (for eksempel nøtter, melk, egg, fisk, skalldyr)
- Insekt (bie, veps)
Det kan vere vanskeleg å finne årsaka til ein anafylaktisk reaksjon. Etter utgreiing viser det seg heldigvis i mange tilfelle at pasientens reaksjon ikkje var så alvorleg som først antatt.
Utgreiing - overfølsemd for mat
Mange har eit unødvendig restriktivt kosthald grunna ubekrefta mistanke om overfølsemd overfor enkelte typar mat. Det er berre rundt 5 % av alle med mistenkt matallergi som faktisk har det. Kosthaldsrestriksjonar kan vere problematisk, spesielt når basismatvarar som melk eller gluten (kveite, rug, bygg og havre) blir uteletne utan god grunn.
Sentralt i utgreiinga står ope og dobbeltblind matvareprovokasjon ved klinisk ernæringsfysiolog. Klinisk ernæringsfysiolog gir også diett- og kostråd. Mange følger strenge diettar, og risikerer mangelsjukdommar fordi ein ikkje tar nok omsyn til for eksempel tilstrekkeleg inntak av kalsium frå andre matvarar ved melkeallergi.
Seksjon for klinisk spesialallergologi samarbeider med mage-tarm-seksjonen ved Medisinsk avdeling om utgreiing av mistenkt matallergi-/ intoleranse.
Allergivaksinasjon (også kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi)
Allergivaksinasjon går ut på at ein gir pasienten gradvis aukande doser av det han / ho er allergisk for. Ved dette blir toleranse for allergenet utvikla. Per i dag er dette den einaste behandlinga som kan redusere / gjere ein frisk for allergi.
Behandlinga inneber regelmessige injeksjonar med sprøyte. Etter oppdoseringsfasen fortset ein med å få ein vedlikehaldsdose annankvar månad. Behandlingstida er 3 år for pollen- og dyreallergi, og 5 år ved insektallergi. For gresspollen-allergikarar finst det også ein tablett for allergivaksinasjon. Då skal ein ta ein tablett kvar dag i 3 år.
Effekten ser ut til å vare i minst 6 år etter avslutta behandling. Opp mot 90 % av pollenallergikarar merkar ein forbetring slik at dei kan redusere behovet for medisinar. Allergivaksinering kan redusere risikoen for utvikling av nye allergier og utvikling av astma.
Legemiddelrelaterte overfølsemdsreaksjonar
Utgreiing av legemiddelrelaterte overfølsemdsreaksjonar, her også legemiddelallergi, blir utført ved SKS. Pasientar som får slike uønska reaksjonar av legemidlar unngår ikkje berre bruk av beslekta legemidlar, men blir utrygge på bruk av andre legemidlar i tillegg. Opplysning om mogleg legemiddelallergi gjer at helsepersonell blir utrygge med omsyn til valg av legemiddel for den aktuelle pasient.
Seksjonen tilbyr denne pasientgruppa ein omfattande utgreiing med grundig gjennomgang av sjukehistoria, klinisk undersøking, blodprøvar og andre relevante undersøkingar. Hudprikktesting og provokasjonstesting med mistenkte legemiddel er sentrale ledd i utgreiinga. Det kan også vere aktuelt med toleransetest som er utprøving av eit sikkert alternativt medikament.
Nye diagnostiske metodar som kan bidra til å avklare bakenforliggande mekanismar ved legemiddeloverfølsemd, er under utvikling.
Allergi mot narkose og lokalbedøving
Seksjonen har tilbod om utgreiing av overfølsemd for legemiddel brukt for narkose og lokalbedøving. I Noreg er førekomsten av anafylaksi under narkose anslått til om lag ein reaksjon per 5000 operasjonar. Etter slike reaksjonar er det viktig for pasientens tryggleik at episodane blir utgreiia slik at ein kan ta dei nødvendige forholdsreglar før eventuelle nye inngrep i lokalbedøving eller narkose.
Frykt for reaksjon på lokalbedøving hindrar mange i å få den behandlinga dei treng, for eksempel hos tannlegen. I dei fleste tilfella er reaksjonar under lokalbedøving at ein svimer av eller er nær ved å svime av grunna ubehagelege sanseinntrykk, og ikkje grunna sjølve lokalbedøvinga.
Yrkesallergi
Kvart år blir eit stort antall nye stoff innført i vårt samfunn. Desse stoffa kjenner vi ikkje godt nok til å kunne seie noko på førehand om dette vil utløyse meir allergi, og det blir stadig dokumentert nye yrkesallergiar.
Vi veit allereie at 9-15 % av all astma hos vaksne er utløyst av faktorar i pasientanes yrke, men også plagar i øvre luftvegar, og ikkje minst handeksem kan skyldast allergi og anna overfølsemd for stoff i arbeidsmiljøet. Seksjonen har tilbod om utgreiing av mistenkt allergiutløyst yrkessjukdom i samarbeid med arbeidsmedisinsk poliklinikk.
Praktisk informasjon ved utgreiing ved Seksjon for klinisk spesialallergologi