Indikasjonar for øyeblikkeleg hjelp (ØH) utanom dykkarsjuke

Vakthavande dykkarlege har medisinsk ansvar for trykkammerbehandlinga og kontaktast via AMK Bergen - 113. Trykkammera ligg i kjelleren på Konrad Birkhaugs hus ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS).

Eksteriør flermanns trykkammer. Foto
 

Førebuing

Ved førespurnad om HBO-behandling av intensivpasient frå anna sjukehus, må dykkarlege konferere med vakthavande intensivlege (9-2548) for vurdering av kapasitet på Intensivavsnittet. Det må gjerast avtale om at pasienten vert motteken ved ei moderavdeling på HUS

Indikasjon må vurderast i samråd med behandlande lege og ein må og vurdere om det føreligg kontraindikasjonar. Pneumothorax må drenerast. Pacemaker, baklofenpumpe, ventrikuloperitoneal shunt etc. må ein klarere med produsent.

Indikasjonar for ØH HBO for anna tilstand enn dykkarsjuke

 

Gassgangren

Raskt spreiande infeksjon med Clostridium Perfringens med sepsis, lokalt ødem, massiv vevsnekrose og gass i vevet. Behandling med tabell 20/90 bidrar til å stogge bakterienes alfatoksinproduksjon. Diagnostiserast med klinikk og påvising av grampositive stavar i preparat med fråvær av leukocyttar (leukocyttar indikerar blandingsinfeksjon). Bronseliknande hud, ødem og hemorrhagiske bullæ/vesiklar. Eksudat med søtleg lukt. Muskulatur fargast grøn/svart. Krepitasjonar i vevnaden førekjem, og gass kan sjåast på røntgen.

Behandling

Målretta antibiotikabehandling ordinert av Infeksjonsmedisinar.

Kirurgisk opning og fasciotomi utan ekstensiv kirurgi før HBO. Dersom det vert ventetid på operasjon bør ein ta til med HBO.

HBO så snøgt som mogleg. Tabell 20/90 x 3 fyrste 24 timar. Deretter x 2/dagleg inntil infeksjonskontroll eller 7 behandlingar totalt.

CO- forgiftning

Pasientar som er gravide med HbCO > 20mmol/L og medvitslause pasientar skal ha ein HBO-behandling etter tabell 20/90. Ved røykinhalasjon og laktat > 10 mmol/l gjes antidot mot cyanidforgiftning. Medvitslause skal paracenterast bilateralt.

Nekrotiserande fasciitt

HBO er adjuvant behandling til iv antibiotika og kirurgisk revisjon. Behandlast i samråd med infeksjonsmedisinar (9-3720). Behandling med tabell 14/90 x 2 per døger til stabil tilstand, deretter x1 per døger til infeksjonen er under kontroll.

Store knusningsskadar

Ved store knusningsskadar i ekstremitetane med marginal sirkulasjon eller losjesyndrom, reduserer HBO ødemet og betrar oksygeneringa. Det er ein føresetnad at makrosirkulasjonen er intakt eller lar seg rekonstruere og at man kjem snøgt i gang med HBO. Tabell 14/90 x 3 per døger i 2 dagar, deretter x 2 per døger i 2 dagar, deretter x1 dagleg i 2 dagar.

Brannskadar

HBO er retta mot å redusere ødemet, bevare marginalt sirkulert viabelt vevnad, stimulere og bevare vevnadens bakterielle motstandskraft og stimulere til rask sårheling. HBO er adjuvant behandling til optimal ventilasjon og oksygenering, væskebehandling og tidleg kirurgisk eksisjon
Indikasjon: > 20 % delhudskade hos vaksne (>15 år) 

Elektriske skadar

Tre behandlingar etter tabell 14/90 i løpet av fyrste døger med snøggast mogleg start etter skade, deretter 2 behandlingar i døgeret. Det bør gjevast minst 5 behandlingar for at pasienten skal ha noko effekt av behandlinga, og det er ikkje uvanleg med inntil 20-30 behandlingar. Pasientane vil tidt trengje mindre væske under sjølve behandlinga pga hyperoksisk vasokonstriksjon, men treng ofte meir væske iv like etter pga vasodilatasjon. Evt BT-fall behandlast primært med væske og ikkje pressor.

Transplantat og hudlappar med sviktande sirkulasjon

I strålt vevnad eller vevnad med låg perfusjon, kan HBO bidra til å bevare transplantatet eller redusere området med nekrose. HBO bør ta til straks eit perfusjonsproblem oppstår. Utredninga skal inkludere måling av transcutan O2-tensjon på hudlappen ved luftpusting og O2-pusting før HBO. Behandling med tabell 14/90 to gonger/dag til hudlappen ikkje lengre er trua i samråd med kirurg.

Ekstremt blodtap kor det er vanskar med å finne forlikeleg blod

Målet er korreksjon av oksygendeficit hos ikkje-transfunderbar pasient med organsvikt, kardial iskemi og acidose. Anbefalt HBO-behandling er oksygenpusting på 10-20m i 60 minutt med overflateintervall aukande frå 60 minutt inntil forlikeleg blod er skaffa til veie. HBO kan ikkje nyttast i staden for transfusjon.

Intrakranielle abscessar

Hos pasientar med multiple abscessar, abscess med dominerande eller djup lokalisasjon, hos immunkompromitterte pasientar eller forverring trass behandling med kirurgi og antibiotika, kan HBO vere nyttig adjuvant terapi. Tabell 14/90 1-2 behandlingar dagleg avhengig av situasjonen. I publiserte materialar har i snitt 13 behandlingar vore gjevne.