Jobbfast - poliklinikk for psykososiale belastningar i arbeidslivet

Jobbfast, poliklinikk for psykososiale belastingar i arbeidslivet, tilbyr utgreing og behandling til menneske med redusert helse som følgje av konfliktar, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.

Les meir om Jobbfast - poliklinikk for psykososiale belastningar i arbeidslivet

Jobbfast - poliklinikk for psykososiale belastningar i arbeidslivet

Forsking knytta til poliklinikken skal gje kunnskap om kva som skal til for at pasientane får betre helse og kan fungere godt i arbeidslivet. Jobbfast opptrer ikkje som sakkundige, eller stadfestar om det førekjem brot på arbeidsmiljølova.

Om behandlingstilbodet

Det blir tatt inn ein pasient i veka som får eit utgreiings- og rehabiliteringstilbod som går over tre dagar. Etter utgreiing og rehabilitering blir det satt opp ein tilbakemeldingssamtale med tilvisande lege og pasient på telefon etter om lag fire veker. Kjem du langveis frå, kan du ha rett på refusjon. Korleis du gjer det, finn du på nettsidene til Pasientreiser.

Smilende kvinne på samtalerom. Foto 

Vår modell

Vi tek i mot ein pasient i veka. Pasientane inngår i eit tredagars program og eit oppfølgingsmøte, etter ein utarbeida modell, men programmet vert og individuelt tilpassa når det er behov for det, for å best mogleg gagne den einskilde. Programmet er inspirert av ulike behandlingstilnærmingar, blant anna kognitiv tilnærming.

Modellen ved Jobbfast er for tida under revisjon. Meir informasjon kjem når dette er klart.

Jobbfast - behandlingsprogram

Korleis verkar behandlinga?

God behandling er at pasienten får fortelje si historie og får sette den i samanheng. Ved utgreiing, eigne forteljingar, undervising og samtale oppnår vi god behandling.

I eit samarbeid mellom pasienten og tilvisande lege er målet at pasienten kan vere yrkesaktiv. Jobbfast vil gi konkrete innspel i den samanhengen

Kven er tilbodet ved Jobbfast eigna for?

Tilbodet er retta mot dei som opplever at dei har redusert helse som følgje av konfliktar, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.

Tilbodet er for dei som ønskjer å arbeide etter ein terapeutisk innfallsvinkel med utgangspunkt i den einskilde si oppleving. Representantar frå Jobbfast opptrer ikkje som sakkunige, eller stadfestar om det førekjem brot på arbeidsmiljølova, eller gjer utgreiing om yrkesskade.

Modellen er blant anna tufta på samtalar og sjølvrefleksjon. Det er viktig å sjølv ønskje tilbodet og vere motivert for det.

Tilbodet er for yrkesaktive. Erfaringa syner at nokre er i arbeid, nokre er sjukemelde og nokre er på arbeidsavklaring. Noko av målsettinga er å drøfte vidare fungering i arbeid og ivaretaking av eiga helse.

Kven vi ikkje kan ta imot?

Tilbodet er eit intensivt og korttidsretta poliklinisk tilbod, utan moglegheit for oppfølgjing på kveld og natt. Det er ikkje egna for, eller tilrettelagt for, å ta imot pasienter der det førekjem sjølvmordsfare, aktiv psykose, tungt rusmisbruk, betydeleg utagering eller alvorleg psykisk liding.

Tilbodet er retta mot dei som ønskjer å vere i arbeid og fungere i arbeid, og tek ikkje imot dei som ikkje lenger skal vere i arbeid. 

Forsking

Jobbfast ønskjer å formidle kunnskap om psykososiale forhold i arbeidslivet, og samlar inn data til forskning. Du vil få meir informasjon om kva forskninga ved Jobbfast inneber når du kjem til oss og det er valfritt å delta. 

Les meir om forsking i Prosjektplan - Jobbfast 2011 (pdf)

Evaluering av tilbodet ved Jobbfast etter 4 års drift


Jobbfast - Status og utfordringer etter 4 års drift

Varsling på jobben - tillegg til Jobbfastrapport

Kontakt

Telefon
Telefon 55 97 38 75 | Faks 55 97 51 37
måndag - fredag 08.00-15.30

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​