Rehab-info

Rehab-info er eit blad laga av Avdeling for rehabilitering og tverrfaglege tenester. Bladet vert sendt ut internt til alle avdelingar ved Voss sjukehus, kommunar, fysioterapeutar, legar, lag og organisasjonar i sjukehusets lokalområde.

 

Bladet kjem ut to gonger i året og har fått gode attendemeldingar på et det er eit nyttig og interessant blad. Kvart nummer har fokus på rehabilitering i samband med eit bestemt tema som til dømes syn, lungesjukdommar, overvekt, fall og fallførebygging. 

Siste utgåve: Rehabinfo 2016 - Motivasjon (pdf)

Tema varierer mellom å vere diagnosespesifikk og meir generelt som til dømes kroniske smerter og kognitive utfordringar. Bladet kan innehalde artiklar frå ulike fagdisiplinar, relevante prosjekt, brukarar med meir. Brukarerfaringa er alltid veldig nyttig og interessant lesning.

I tillegg er det forsking, nyttige tips og litteraturtilvisingar. Ein lokal kunstnar er også alltid med, og pregar bladet med sine bilete. Send gjerne ros, ris og tips til gode saker eller tema på e-post til Britt Madli Manger 

Tidlegare utgivingar av Rehab-info:

Rehabinfo nr 1 2015 MS.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo nr 1 2015 MS.pdfRehabinfo nr 1 2015 MS.pdf
Rehabinfo - juni 2014.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - juni 2014.pdfRehabinfo - juni 2014.pdf
Rehabinfo - juni 2011.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - juni 2011.pdfRehabinfo - juni 2011.pdf
Rehabinfo - januar 2015.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - januar 2015.pdfRehabinfo - januar 2015.pdf
Rehabinfo - januar 2013.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - januar 2013.pdfRehabinfo - januar 2013.pdf
Rehabinfo - januar 2012.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - januar 2012.pdfRehabinfo - januar 2012.pdf
Rehabinfo - desember 2016.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - desember 2016.pdfRehabinfo - desember 2016.pdf
Rehabinfo - desember 2013.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/voss/Documents/Rehabinfo - desember 2013.pdfRehabinfo - desember 2013.pdf