Fysioterapi Voss

Fysioterapiavdelinga er ei støtteeinig som yt tenester til alle somatiske avdelingar ved Voss sjukehus.
Fysioterapiavdelinga sine viktigaste oppgåver er å undersøka og behandla pasientar og gje informasjon til pårørande. Avdelingar underviser og rettleiar studentar og samarbeidspartnarar i og utanfor sjukehuset.


Fysioterapiavdelinga behandlar pasientar i sjukehuset som er henvist frå lege. Avdelinga utfører poliklinske kontrollar innan ortopedi, har hjerterehabilitering og underviser grupper innan ortopedi og fedme.

Fysioterapeutane samarbeider med legar, pleiarar og anna personale på sjukehuset. Ved utskriving av pasientar sender fysioterapeutane med epikrise / fysioterapirapport til behandlande fysioterapeut i kommunen / på institutt.

Fysioterapeutane og turnusfysioterapeut jobbar rundt i sjukehuset sine ulike avdelinger, samt på treningssal eller i behandlingsrom på fysioterapiavdelinga.

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Vi held til i 2. etasje, i mellomgangen mellom Voss sjukehus og Voss sjukeheim.


Telefon

måndag - fredag kl. 08.00 – 15.00
Laurdag er ein fysioterapeut på jobb: kl. 09.00 – 14.00


Fann du det du leita etter?