Innlegging ved Voss sjukehus, Akuttmottak og Legevakt
Avdelinga tek imot omlag 2800 pasientar årleg. Dette omfattar planlagt innlegging, øyeblikkeleg hjelp og legevakt. Pasientar kan ha alt frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Avdelinga har eit nært samarbeid med AMK-Bergen og Kvam Legevakt i handtering av ulike hendingar.
Innlegging ved Voss sjukehus
Har du fått time til planlagt innlegging på medisinsk, kirurgisk eller gynekologisk avdeling bruker du inngangen til Poliklinikk og henvender deg i luka. Du blir henta av personalet som hjelper deg vidare til rett avdeling.
Øyeblikkeleg hjelp ring 113
Akuttmottak
Pasientane som kjem til Akuttmottaket blir prioritert etter kor alvorleg tilstanden er. Det er ikkje mogleg å seie på førehand kor lenge du må vente på Akuttmottaket. Nokon gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som blir tatt hand om med det same. Dei som har ein tilstand som er mindre alvorleg, vil då måtte vente lengre.
Verktøy for å vurdere hastegrad
Voss sjukehus brukar verktøyet SATS Norge ved vurdering av hastegrad. Du blir vurdert ut i får innleggingsdiagnose, symptom og klinisk tilstand som puls, blodtrykk og pust. På bakgrunn av dette får du ein hastegrad som seier noko om kor raskt du treng tilsyn frå lege.
Kva skjer når du treng øyeblikkeleg hjelp og kjem til Voss sjukehus?
Når du kjem til Voss sjukehuset brukar du inngang og venterom til Poliklinikken. Personalet frå akuttmottak vil hente deg på venterommet. Pårørande er velkomne til å vera med, men det kan hende at du som pårørande må vente ute på gangen. Du vil bli undersøkt av lege og sjukepeiar og det vil bli tatt blodprøvar av deg. Du blir spurt om:
- Kven som er dine næraste pørørande
- Kven som er fastlegen din
- Er allergisk mot noko
- Kva type medisinar du brukar (har du medisinliste er det fint om du tek denne med deg).
Nokre pasientar kan skrivast ut direkte, medan andre som treng observasjon og behandling, blir lagt inn på ein sengepost. Pasientar som er akutt og kritisk sjuke eller skadde kan bli overflytta til Haukeland sjukehus i Bergen.
Akuttmottaket handterer også tryggleiksalarmen for brukarar i Voss kommune.
Legevakt
Voss legevakt har lokale i akuttmottak, du nyttar inngang til poliklinikken.
Ved behov, henviser legevaktslege deg vidare til undersøking og behandling ved Voss sjukehus, som til dømes røntgen og poliklinikk. Du må betale separate eigendeler for dette. Dette kjem i tillegg til eigenandel på legevakt.
Om lege vurderer at du treng medisinar kan du kjøpe desse hjå Legevakta (på sjukehuset) når apoteka er stengde.
Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?
- Fastlegen din i opningstidaLegevakt tlf 116117, når fastlege ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta. Uansett kvar du er i landet kan du ringja 116117.
- 113 når det er akutt og det står om liv
- Når du ringjer 116117 kjem du til legevaktssentralen. Nummeret er gratis å ringja og betjent heile døgeret.
Studentar og spesialistkandidatar
Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.