SOReg-dagen 2018

SOReg-dagen 2018 vart avvikla 6. april på Clarion hotell, Flesland. 

 

Dagen starta med ein presentasjon av nasjonal og felles norsk-svensk årsrapport med data frå 2016, og utdeling av den første SOReg-prisen. Prisen er meint som ei påskjønning til sjukehus som gjer ein god jobb med registreringane, og kriteria for tildelinga vil endre seg litt frå år til år.

Sykehuset Innlandet og Ålesund sjukehus delte den første prisen som dei beste sjukehusa når det gjeld dekningsgrad, med 99% og 100% samsvar mellom innrapporterte forløp til SOReg og NPR (Norsk pasientregister) (sjå tabell 5.3 i årsrapporten for 2016). Vi gratulerer!

Den registerspesifikke delen av programmet fortsette med ein gjennomgang av vanlege spørsmål ved plotting av data i SOReg.

Hovudtema for den registerspesifikke delen var bruk av registerdata til kvalitetsforbetringsarbeid. Vi fekk ei innføring i teori og verktøy for kvalitetsforbetringsarbeid av Linn Jeanette Waagbø frå Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre, og eit eksempel på eit kvalitetsforbetringsprosjekt i praksis ved Svein Rotevatn frå Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus.  

Den faglege delen av programmet vart endra i siste liten grunna sjukdom. Mihaela Martinussen heldt eit innlegg om tannproblem etter fedmekirurgi og korleis hyppige måltid er ein utfordring for tannhelsa. Viktige råd var å redusere sukkerholdig mellommat og drikke, (det skal helst gå to timer mellom kvar gong ein har karbohydrat i munnen så ph-verdien i munnen får stabilisert seg), og å skylje munnen med vatn etter måltid for å betre ph-verdien.

John Roger Andersen avrunda dagen med to innlegg: arbeidsdeltaking etter fedmekirurgi og bruk av pasientrapporterte data. Bakgrunnen for desse to innlegga er den revisjonen som registeret skal gjennomgå i 2018. Under sjukehusspesifikke spørsmål vil berre spørsmål om arbeidslivsdeltaking bli ståande att, og det vil bli lagt til rette for pasientrapporterte data (PROM data).