Rehabiliteringsteamet

Rehabiliteringsteamet er eit tverrfagleg team samansett av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og sosionom.

​Målsetjinga for teamet

Pasientarbeid

  • Ivareta og kvalitetssikra det individretta rehabiliteringsarbeidet ved Voss sjukehus, somatisk del.
  • Fanga opp og vera pådrivar til utvikling av rehabiliteringstilbod til grupper som ikkje har eit tilfredstillande tilbod

Kompetanse

  • Ha oppdatert kunnskap og kompetanse innan rehabiliteringsfeltet
  • Bidra til kompetanseauke innan rehabiliteringsfeltet, blant fagpersonar i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Nettverk

  • vera pådrivar til vedlikehald og utvikling av rehabiliteringsnettverket i lokalsjukehusområdet.

Kven kan ha trong for rehabilitering?

Personar med sjukdom eller skade av slikt omfang at sentrale livsoppgåver og funskjonar vert ramma, og som har trong for hjelp frå fleire faggrupper.

Teamet kan tilby:

  • Samtale med pasient og pårørande om vanlege bekymringar
  • Vurdering og trening av ADL funksjon, motorisk funksjon, kognitiv funksjon og språkfunksjon.
  • Trening til å klara daglege aktivitetar
  • Vurdering og tilrettelegging av husværet – heimebesøk
  • Informasjon om rettigheiter og ved behov hjelp til å søkje om bistand
  • Informere om individuell plan
  • Etablere kontakt med rehabiliteringskoordinator og ved behov andre hjelpepersonar i kommunen din
  • Arrangera møte med kommunen for å planlegge utreise frå sjukehuset
  • Søkje om vidare rehabilitering i spesialisthelsetenesta eller i kommunen
Me har eit nært samarbeid med sengepostane og personalet som er aktuelt for den enkelte pasient.

Kontaktinformasjon

​Arbeidstid
Måndag – fredag 
Kl. 08.00 – 15.30

Her finn du oss​

Voss sjukehus i 2. etg i bakre bygg ( mot nord )

Telefon

Sentralbord 56 53 35 00
Avd.leiar  56 53 38 45​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.