Klinisk ernæringsfysiolog Voss

God ernæring er ein føresetnad for god helse, og kosthaldet har mykje å seie i førebygging og behandling av ei rekkje sjukdommar.
Voss sjukehus sine kliniske ernæringsfyiologar arbeidar hovudsakleg med overvektspasientar, men gjev også tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar med behov for ernæringbehandling. Våre kliniske ernæringsfysiologar har også særleg fokus på førebygging og behandling av sjukdomsrelatert underernæring, som del av den overordna ernæringsstrategien til Helse Bergen.

​Pasientbehandling  

Klinisk ernæringsfysiolog tilbyr kostrettleiing og ernæringsbehandling til pasientar, som del av eller einaste behandling, både individuelt og i grupper. Ernæringsbehandling og kostrettleiing kan vere aktuelt ved fleire sjukdommar. Eksempel på  aktuelle grupper kan vera pasientar med: underernæring/feilernæring, livsstilsjukdommar, dialysebehandling, fordøyelsessjukdommar, allergiar, malabsorbsjon, psykiske sjukdomar, intensivbehandling m.m. Klinisk ernæringsfysiolog tilbyr interne tenester og tek imot tilvisingar frå fastlegar og kliniske avdelingar og poliklinikkar ved sjukehuset.

Bariatri

Kostrettleiing til pasientar som gjennomgår bariatrisk kirurgi både i forkant og i etterkant av operasjonen.

Ernæringsnettverk

Deltek i ernæringsnettverket ved Voss sjukehus.

Har ansvar for å vere pådrivar i arbeidet rundt ernæringsscreening, samt kompetanseutvikling innan ernæring ved sjukehuset og tek del i undervisning/rettleiing innan ernæring til personalet ved Voss sjukehus.

​Samarbeid med 1. linjetenesta

Klinisk ernæringsfysiolog kan ved behov gje rettleiing til personalet i 1. linjetenesta i samband med pasientoverføring.​

Avdeling for klinisk ernæring

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.