Fysioterapi Voss

Fysioterapiavdelinga er ei støtteeinig som yt tenester til alle somatiske avdelingar ved Voss sjukehus.
Fysioterapiavdelinga sine viktigaste oppgåver er å undersøka og behandla pasientar og gje informasjon til pårørande. Avdelingar underviser og rettleiar studentar og samarbeidspartnarar i og utanfor sjukehuset.
Les meir om Fysioterapi Voss

Fysioterapi Voss

Fysioterapiavdelinga behandlar primært inneliggjande pasientar, men utfører også polikliniske behandlingar, samtalar, undervising og kontrollar for blant anna fedme- og ortopediske pasientar.

 
Fysioterapeutane har nært samarbeid med legar, pleiarar og anna personale på sjukehuset. Ved utskriving av pasientar sender fysioterapeutane med epikrise / fysioterapirapport til behandlande fysioterapeut i kommunen / på institutt.

 
Avdelinga har totalt fem fysioterapeutar fordelt på 4,2 stillingar, samt ein turnusfysioterapeut. Fysioterapeutane jobbar både på dei ulike avdelingane og på treningssal eller behandlingsrom på fysioterapiavdelinga. 

 

Tilsette ved Fysioterapi Voss

Gunnvor Lindland Loven
Sjefsfysioterapeut / Spesialist i nevrologisk fysioterapi MNFF
56 53 35 67 
gunnvor.loven@helse-bergen.no

Olaug Skjerve Gravdal
Fysioterapeut
56 53 35 65
olaug.skjerve.gravdal@helse-bergen.no

Jannicke Lien
Spesialfysioterapeut
56 53 35 65
jannicke.lien@helse-bergen.no

Liv Kari Reisæter
Fysioterapeut
56 53 35 65
liv.kari.reisaeter@helse-bergen.no

Kjersti Gulbrandsen Skattum
Fysioterapeut
56 53 35 65
kjersti.gulbrandsen.skattum@helse-bergen.no

Inger Helene Vatnestrøm Svendsen
Turnusfysioterapeut
56 53 35 65
inger.helene.vatnestrom.svendsen@helse-bergen.no


Kontakt

Oppmøtestad
Avdelinga held til i 2. etasje, i mellomgangen mellom Voss sjukehus og Voss sjukeheim.

Logg inn for å endre time

Telefon
56 53 35 65 / 68
måndag - fredag 08.00 – 15.00
Laurdag er ein fysioterapeut på jobb: kl. 09.00 – 14.00
Postadresse
Voss sjukehus
Fysioterapiavdelinga
Sjukehusvegen 16
5704 Voss

slik kjem du til voss sjukehus

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet på kvardagar mellom kl. 07.00 og 18.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum ved Rokneparken (nær togstasjonen), i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

​Voss ligg ved Bergensbanen og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
  • Bergen med tog, ca 1t og 20min

Informasjon om togtider finn du på NSB sine nettsider.

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga
Fast kviletid mellom kl. 12.00 - 15.00 - ingen visitt i dette tidsrommet.
Pappa og ev. syskjen kan koma på visitt heile dagen fram til kl. 20.00​, utanom i kviletida

Andre besøkande:
kl. 15.00 - 16.00
kl. 18.00 - 19.30

Kva bør du ta med deg til sjukehusopphaldet

Det er ikkje så mykje du treng å t a med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

  • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du bruker, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Litt pengar til kiosken, for eksempel aviser og vekeblad. Vi rår deg elles til å late pengar og verdisaker bli igjen heime.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
  • Pasientvenner. På nokre avdelingar vil du møte pasientvenner frå Røde Kors.​​​

Arrangement