Øyeblikkeleg hjelp – Bergen legevakt
Har du brotskade og vore på Bergen Legevakt eller Haukeland Universitetssjukehus kan det hende at du får behandling på Voss sjukehus. Vi tek kvar veke imot og opererar pasientar med ulike brotskadar som kjem frå Bergen. I hovudsak dreier det seg om lårhalsbrot, ankelbrot og handleddsbrot.
Open retur for kreftpasientar
Open retur er eit tilbud som hovudsakleg er til pasientar med kreft som ikkje kan kurerast. Meininga er å skapa tryggleik både for deg som pasient og dei kring deg. Har du fått tilbud om denne ordninga vil det seie at du er velkommen til å ringje oss direkte på avdelinga, dersom du skulle få behov for å bli innlagd, slik at du slepp gå via legevakten.
Avdelinga har eit nært samarbeid med andre postar og spesialavdelingar ved sjukehuset. Me samarbeider også med kommunen dersom du treng bistand etter utskriving frå sjukehuset.