Vil du vere radiolog på Voss?

No styrkar vi staben.

Søk no: Fast stilling som overlege i radiologi

Røntgenavdelinga på Voss er utstyrt med 6 laboratorium som består av ein Toshiba gjennomlysningslab, 2 heilt nye skjelettlab’ar med Decotron-maskiner, ein Philips CT-lab, ein ultralydlab og ein MR-lab med Siemens Aera 1,5 tesla maskin. I tillegg til dagleg drift har vi MR kveldspoliklinikk to dagar i veka. No skal vi styrke staben.

Rekruttering Voss radiologi from Haukeland University Hospital on Vimeo.

- Vi er på jakt etter ein overlege med lang erfaring, og som har lyst til å gjere noko ut av sjukehuset. Her har vi korte linjer, det er rakst å ta avgjerder og enkelt å endre på ting. Det er også fagleg utfordrande sidan vi jobber tett med Haukeland og får overført oppgaver, for eksempel patologi, som vanlegvis ikkje høyrer til på eit lokalsjukehus som oss.

Søk no: Fast stilling som overlege i radiologi

Fann du det du leita etter?