Søk no: Overlege som er spesialist i ortopedisk kirurgiVi søker også overlegar i anestesi, generell kirurgi/gastrokirurg og radiologi.
- Voss var øverst på ønskelista då eg skulle i turnus. Eg ville vere ein plass der eg kunne stå på ski heile vinteren. Voss har eit superbra ekstremsportmiljø, både med luftsport, ski og sykling. Voss byr også på god kunst og kultur. I tillegg tiltrekk Voss seg kule menneske med sporty interesser.
Voss Rekruttering from Haukeland University Hospital on Vimeo.
Bli kirurg på Voss
Som ortoped er ho del av eit fagleg sterkt miljø. På Voss er ortopedisk kirurgi ein av spesialitetane. På kirurgisk avdeling er det no 5 fast tilsette overlegar med spesialitet i ortopedisk kirurgi, 3 LIS-legar i ortopedi og 3 LIS legar i generell kirurgi og 5 turnuslegar. Kirurgisk avdeling har gruppe II-utdanningsstatus i ortopedisk kirurgi. Dei faglege utfordringane er mange.
- Som forvakt går ein i fellesvakter, og må handtere både traumer, generell kirurgi, ortopedi. Ein må i akutte situasjoner handtere ein del situasjoner sjølv som ein andre stader gjerne hadde delegert bort.