Olav Lødemel (anestesioverlege)

- Vi er eit lite, men godt sjukehus. Her er det korte linjer og lett å få gjort mykje.

Olav Lødemel
Olav Lødemel er overlege i anestesi. Han har vore på Voss sidan 2004. No ser han etter ein ny kollega.
Søk no: Fast stilling som overlege, anestesiologi

Olav er overlege i anestesi. No treng han ein kollega.

- Det beste med å jobbe på Voss sjukehus er gode kollegaer, og at du får mogelegheit til å vere med å påverke arbeidskvardagen din. Her er rikeleg mogelegheiter til fagleg utvikling innan mange felt av anestesien; Smerter, intensiv, operasjon, traumatologi. 

Voss rekruttering anestesi from Haukeland University Hospital on Vimeo.

Blir du med på laget?

I dag har vi to fast tilsette overlegar og 1 LIS lege i anestesiologi. I tillegg har vi 1 overlegevikar som jobbar ei veke om gongen med mange vakter. Vikarane er godt inkludert i avdelinga og vi trivst i lag på jobb. Den som har vore her lengst har 20-årsjubileum i år.

Anestesilegane har ansvar for Operasjonsavdelinga, Akuttmottak og Intensivavdelinga i tillegg til ei oppvakningsavdeling som ligg i kirurgisk dagpost. Den operative aktiviteten har siste to åra vore rundt 2900 inngrep innanfor gastrokirurgi, ortopedi og gynekologi/ obstetrikk.

Fødeavdelinga har mellom 450 og 500 fødslar i året. Vi seier det ikkje for å skryte, men me ha eit godt ry som fødesjukehus og mange fødekvinner ønskjer seg til oss.  Voss sjukehus er del av Helse Bergen HF og har god fagleg kontakt med anestesilegane på Kirurgisk serviceklinikk ved Haukeland universitetssjukehus.

Søk no: Fast stilling som overlege, anestesiologi

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.