Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klinisk ernæringsfysiolog Voss

God ernæring er ein føresetnad for god helse, og kosthaldet har mykje å seie i førebygging og behandling av ei rekkje sjukdommar.

Voss sjukehus sine kliniske ernæringsfysiologar arbeidar hovudsakleg med overvektspasientar, men gjev også tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar med behov for ernæringbehandling. Våre kliniske ernæringsfysiologar har også særleg fokus på førebygging og behandling av sjukdomsrelatert underernæring, som del av den overordna ernæringsstrategien til Helse Bergen. Klinisk ernæringsfysiolog tilbyr interne tenester og tek imot tilvisingar frå fastlegar og kliniske avdelingar og poliklinikkar ved sjukehuset.

​Individuelt pasientarbeid

  • Kostrettleiing til pasientar som gjennomgår bariatrisk kirurgi både i forkant og i etterkant av operasjonen.
  • Kostrettleiing til inneliggande pasientar ved Voss sjukehus.
    Aktuelle grupper kan vera pasientar med:
    • underernæring / feilernæring
    • livsstilsjukdom
    • dialysebehandling
    • fordøyelsessjukdommar
    • malabsorbsjon av ulike årsaker
    • psykiske sjukdomar
    • intensivbehandling av ulike årsaker

​Pasientarbeid i grupper

Kostvegleiing 
 

Nettverksarbeid

  • ​Rettleiing innan ernæring til personalet ved Voss sjukehus 
  • Rettleie personalet i 1. linje tenesta i samband med pasientoverføring, ved behov
  • Kompetanseutvikling innan ernæring ved sjukehuset
  • Delta i utvikling og gjennomføring av tilbod til sjukelig overvektige ved Voss sjukehus
  • Deltek i ernæringsnettverket ved Voss sjukehus. Er pådrivar i arbeidet rundt ernæringsscreening

Kontaktinformasjon

Arbeidstid:

Måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Du finn oss

i 2. etasje på Voss sjukehus​

Sist oppdatert 27.05.2022