Avdelinga har ei- og tosengsrom. Dersom det er kapasitet i avdelinga, ynskjer me å tilby ledsager overnatting mot ein eigenbetaling. Me tilbyr to ulike alternativ;
Døgnpris: overnatting + mat (frukost, lunsj, middag, kaffimat og kveldsmat) for 500 kr per døgn.
Døgnpris: mat utan overnatting (frukost, lunsj, middag, kaffimat og kveldsmat) for 200 kr per døgn.
På barselavdelinga møter du mest truleg igjen jordmora du hadde under fødselen. Det blir høve til å snakke om fødselsopplevinga, gjerne saman med far/ ledsager.
Barnet blir undersøkt av lege 2. dagen etter fødselen.
Fysioterapeut kjem til avdelinga for å gje rettleiing i barseløvingar både i grupper og individuelt.
Sjå gjerne gjennom deira informasjon, råd og tips, i barseltida.
Besøkstidar
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.
For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.