Utgreiing og kartlegging

Innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling kan utgreiing/kartlegging anten skje poliklinisk og/eller mens pasienten er innlagt på institusjon.

Når det er aktuelt, vert kartlegginga gjort med standardiserte undersøkings- og kartleggingsmetodar. 


Følgjande bør inngå i ei utgreiing/kar​tlegging:

  • Fysisk helse
  • Avhengigheit/rusmønster
  • Psykisk helse
  • Familie/nettverk
  • Skule/arbeid
  • Planlegging av behandlings- og oppfølgingsbehov

Helsedirektoratet. (2012). Prioriteringsveileder for Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB).