Kven kan søke og kor sender du søknaden?

Som for anna behandling innan spesialisthelsetenesta må det sendast ei tilvising når ein ynskjer behandling innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

mamm sitter og jobber.foto
 

Kven kan tilvise 

Følgjande kan tilvise til rus- og avhengigheitsbehandling:

  • Sosialtenesta 
  • Barneverntenesta 
  • Fastlege / allmennpraktiserande lege 
  • Privatpraktiserande legespesialist 
  • Lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta 
  • Lege i fengselshelsetenesta 
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta 


Mal for tilvising

Ei god tilvising gjer det lettare å gjere ein rask og god vurdering av tilvisinga. 

Sjå Mal for tilvising for meir informasjon om kva ei tilvising bør innehalde.


Sjå «Tilvising til Legemiddelassistert rehabilitering - LAR» for meir informasjon om kva ei tilvising til LAR bør innehalde. 


Send tilvisinga til: 

Avdeling for rusmedisin
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1400
5021 Bergen


Raskare tilbake

For tilvising for rusbehandling gjennom ordninga «Raskare tilbake» gjeld eigne tilvisingsrutinar.