Ruspanelet skal setje fokus på sentrale problemstillingar innanfor rusfeltet, og gi råd til Avdeling for rusmedisin.
Vi legg vekt på at Ruspanelet skal vere samansett av personar med ulik kompetanse og erfaring. Som medlem av Ruspanelet tar du også imot innspel frå andre brukarar og pårørande, og formidlar det vidare, til nytte for utvikling av tenestene.
Ruspanelet består av 11 medlemmer og har møte om lag 6-7 gongar i året. Du må rekne med å bruke om lag 2 timar i kvart møte.
Oppgåver:
- Delta aktivt i møta og fremje refleksjon
- Delta aktivt i utvikling av tenestene på pårørande og brukarar sine premissar
- Delta med di erfaring i ulike komitear og utval med meir
Kvalifikasjonar:
- Vi ønskjer at Ruspanelet skal vere breitt samansett, og vil prioritere søkarar under 25 år eller med erfaring som pårørande
- Vi legg vekt på at søkarar må vere personleg eigna for å vere med i Ruspanelet
Vi kan tilby:
- Honorar
- Eit godt og stimulerande miljø
Søknaden bør innehalde litt om deg sjølv og di eigenerfaring med rus, korleis du ønskjer å bidra inn i Ruspanelet, og korleis du tenkjer at din erfaringskompetanse kan vere til nytte for andre.
Kontakt
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:
Sverre Hjelmtveit, tlf. 902 85 792
Leiar i Ruspanelet for Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
Søknad sender du på e-post til:
shjelmt@hotmail.com
Søknadsfrist: Måndag 5. august 2019
Meir informasjon om Ruspanelet