Avdeling for rusmedisin meiner at erfaringskompetanse er heilt nødvendig for å kunne utvikle gode tenester. Avdelinga får i dag hjelp frå menneske med erfaringskompetanse i ulike arbeidsgrupper og faste utval, i tillegg til innan forsking og ved kompetanseutvikling.
I 2017 vart eit eige brukarpanel for brukarmedverknad innan rusorienterte problemstillingar oppretta; Ruspanelet.
To brukarpanel innan psykisk helse og rus
Det er viktig at brukarar og pårørande sjølve legg premissa for korleis brukarmedverknad skal sjå ut. Modellen for Erfaringspanel for psykisk helse og rus (opphavleg Erfaringspanel for psykisk helse) vart utvikla på eit kick-off seminar i februar 2015 og er vidareutvikla av Erfaringspanelet sjølv.
I dialogmøte februar 2017 vart det tilsvarande halde eit ope dialogmøte for menneske med bakgrunn frå rus, der det frå brukarane si side vart ønska eit felles Erfaringspanel for psykisk helse og rus på bakgrunn av kor utbreidd det er å ha erfaringar med begge. I tillegg var det ønske om eit eige, mindre Ruspanel for særskilde rusorienterte problemstillingar.
Innanfor fagområda psykisk helse og rus er det derfor i dag to brukarpanel; Ruspanelet og Erfaringspanel for psykisk helse og rus.
Lurer du på noko? Kontakt oss gjerne:
Sverre Hjelmtveit
Leiar, Ruspanelet
Gerd Helene Irgens
Seniorrådgivar,
Avdeling for rusmedisin