Familieambulatoriet Rusmedisin Tertnes

Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod om behandling og oppfølging av gravide og familiar med barn i alderen 0-6 år der éin eller begge foreldra har rusmiddelrelaterte vanskar. Familieambulatoriet er ein brubyggar mellom dei tilboda som alt eksisterer, og vil samarbeide både tverrfagleg og tverretatleg for å bistå til ei heilskapleg og langsiktig oppfølging av familien til barnet når skulealder.

Les meir om Familieambulatoriet Rusmedisin Tertnes

Familieambulatoriet Rusmedisin Tertnes

På Familieambulatoriet bur du saman med inntil fire medpasientar og nokon gonger barna deira.
På posten arbeider det miljøpersonale med ulike utdanningar som vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar m.m. I tillegg er det lege, psykolog, fysioterapeut, sosionom, musikkpedagog og kunstterapeut knytt til posten. Same team som driftar sengeposten sørgjer også for ambulant oppfølging av familiar heime hos dei eller andre stader.

Hovudfokuset vårt er recovery-orientert rusbehandling.

Tilbodet for innlagte pasientar består av tre hovudelement:


1. Terapi i form av samtalar hos poliklinisk behandlar internt i AFR eller eksternt, i tillegg til gruppesamtalar og samtalar med primærkontakt
2. Struktur og planlegging (meistring av ADL-ferdigheiter, døgnrytme, kosthald mv.)
3. Logistikk og koordinering, kople på og/eller styrke nettverk (familie, rusfritt nettverk, hjelpeapparat mv.)

Vi tilbyr COS-Parenting-kurs for våre pasientar, dette vil du få nærmare informasjon om. Vi legg også vekt på fysisk aktivitet, med moglegheit for å delta på kvinnepostens aktivitetsprogram. Vi har svømmehall og treningssenter i nærleiken av posten.


Å vere i fysisk aktivitet er terapeutisk både for kropp og sjel. Det dempar uro, abstinenssymptom, angst og depresjon. Det blir forventa at du deltar i aktivitetar, og om du treng særleg tilrettelegging vil du kunne få kontakt med seksjonens fysioterapeut som vil hjelpe deg å delta på ditt nivå.

Uttrykksterapi

Vi har også tilbud om individuell rettleiing/undervisning i forskjellige kunstteknikkar og musikk.


 

Kontakt

Telefon
55957320 (vaktrom)
Telefax 55957319
Seksjonsleiar Trude Larsen 55957310
Teamleiar Tor Havnevik, teamleiar Marianne G. Litland 55957330 |
Tertnesveien 35
Besøksadresse
Tertnesveien 35(Google maps)
5113 Tertnes

Parkering

Det er gratis parkering for pasientar, pårørande og tilsette like ved lokala våre på Tertnes. Parkeringsoblat må hentast på seksjonen.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.